Om UDI Kven gjer kva i utlendingsforvaltninga?


UDI si oppgåve og ei kort framstilling av dei andre aktørane i utlendingsforvaltninga.

UDI si oppgåve

Utlendingsdirektoratet (UDI) er den sentrale etaten i utlendingsforvaltninga. UDI skal setje i verk og medverke til å utvikle innvandrings- og flyktningpolitikken til regjeringa.

UDI skal leggje til rette for ønskt og lovleg innvandring og sørgje for at dei som oppfyller vilkåra, får komme til Noreg. Samtidig har vi ein kontrollfunksjon og skal sjå til at systemet ikkje blir misbrukt.

Vi handsamar søknader om vern (asyl), besøksvisum, familieinnvandring, opphaldsløyve for å arbeide og studere, statsborgarskap, permanent opphaldsløyve og reisedokument. Vi gjer òg vedtak om bortvising og utvising.

I tillegg har vi ansvar for at alle asylsøkjarar får tilbod om ein stad å bu mens dei ventar på at vi skal behandle søknadene deira, og for å finne gode løysingar for dei som vil reise tilbake til heimlandet sitt.

Dei andre aktørane i utlendingsforvaltninga 

Organisasjonskart for utlendingsforvaltningen

 

Stortinget

Fastset rammene for flyktning-, innvandrings- og integreringspolitikken. Stortinget legg òg rammer for integreringsarbeidet i kommunane gjennom introduksjonslova og ved å fastsetje storleiken på integreringstilskotet som kommunane får når dei buset flyktningar.

www.stortinget.no (ekstern nettstad)

Justis- og beredskapsdepartementet

Har ansvaret for flyktning-, innvandrings- og integreringspolitikken og styrer UDI og UNE med lover, forskrifter, budsjett og tildelingsbrev.

Departementet har ein innvandrings- og integreringsminister som har ansvaret for politikken knytt til innvandring, asyl og integrering.

Justisdepartementet (ekstern nettstad)

Utlendingsdirektoratet (UDI)

Behandlar søknader om asyl og opphalds- og arbeidsløyve. UDI behandlar dei sakene som utanrikstenesta og politiet ikkje har mynde til å avgjere, og sakene der det er usikkert om ein bør gi opphaldsløyve. Som fagleg overordna organ instruerer UDI politiet og utanriksstasjonane i utlendingssaker.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

Set i verk statens politikk for busetjing av flyktningar. IMDi følgjer opp introduksjonslova, rett og plikt til norskopplæring og Stortingsmelding nr. 49 (2003–2004) Mangfold gjennom inkludering og deltakelse – ansvar og frihet.

www.imdi.no (ekstern nettstad)

Utlendingsnemnda (UNE)

Behandlar klager på UDI-vedtak etter utlendingslova, utlendingsforskrifta og statsborgarlova. UNE er overordna UDI som lovtolkande organ. Det vil seie at praksis i UNE er retningsgivande for praksis i UDI.

www.une.no (ekstern nettstad)

Landinfo – utlendingsforvaltninga si fageining for landinformasjon

Innhentar og analyserer informasjon om samfunnsforhold og menneskerettar i land som UDI og UNE har behov for kunnskap om. Eininga er fagleg uavhengig, men administrativt knytt til UDI.

www.landinfo.no (ekstern nettstad)

Politiets utlendingseining (PU)

Registrerer asylsøkjarar, undersøkjer reiserutene til asylsøkjarane, slår fast identitet og førebur og set i verk endelege avslag i asylsaker. PU koordinerer og sikrar kvaliteten i alle uttransporteringane frå Noreg.

Politiets utlendingseining (ekstern nettstad)

Politidistrikta

Politidistrikta tek imot og førebur søknader om opphalds- og arbeidsløyve.

Politiet behandlar ein stor del av søknadene sjølv, men kan ikkje avslå søknader. Saker som dei ikkje kan behandle sjølv, blir sende til UDI.

I tillegg opprettar politiet utvisningssaker som blir avgjorde av UDI. Dei kan òg gjere vedtak om bortvising.

Politidistrikta (ekstern nettstad)

Utanrikstenesta

Er førstelinjeteneste for utlendingar som vil gjeste eller flytte til Noreg. Utanrikstenesta gir informasjon om regelverk og prosedyrar og behandlar søknader om besøksvisum.

Saker som utanriksstasjonane ikkje kan behandle sjølv, blir sende til UDI.

I dei landa det kjem asylsøkjarar frå, rapporterer utanriksstasjonane til Landinfo om menneskerettsforhold. Ved behov verifiserer utanriksstasjonane konkrete opplysningar i asylsaker på vegner av UDI og UNE.

Utanriksdepartementet (ekstern nettstad)

Kommunesektoren

Kommunane buset flyktningar i samarbeid med IMDi. Kommunesektoren har gjennom introduksjonslova ansvar for at flyktningar og familien deira får individuell opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Dei skal òg gjennomføre tiltak som førebur flyktningane på arbeidslivet, og sørgje for at det generelle kommunale tenestetilbodet er tilpassa ei fleirkulturell befolkning.

www.ks.no (ekstern nettstad)

Servicesentera for utanlandske arbeidstakarar (SUA)

Er eit samarbeid mellom Arbeidstilsynet, politiet, Skatteetaten og UDI om drift av servicesenter for utanlandske arbeidstakarar i Noreg.

Her kan både arbeidsgivarar og arbeidstakarar få rettleiing og behandling av søknaden sin. Det er SUA-kontor i Oslo, Bergen, Stavanger og Kirkenes.  

www.sua.no (ekstern nettstad)