Kva er Dublin-avtalen?
Dublin-avtalen avgjer kva land som har ansvaret for å behandle ein søknad om vern. Ein asylsøkjar kan berre få søknaden sin behandla i eitt av Dublin-landa.
Hovudregelen er at søknaden skal bli behandla av det første Dublin-landet asylsøkjaren kjem til. Dersom asylsøkjaren søkjer om vern i eit anna Dublin-land, skal han eller ho bli send tilbake til det landet som allereie har behandla søknaden, eller som skal ha ansvar for å behandle søknaden.
Kva for søkjarar blir behandla etter Dublin-avtalen?
Søknaden blir behandla som ei Dublin-sak dersom søkjaren som ønskjer vern i Noreg
- allereie har søkt vern i eit anna Dublin-land
- har fått visum eller opphaldsløyve i eit anna Dublin-land
- har nære familiemedlemmer i eit anna Dublin-land
- har reist ulovleg inn i, eller opphalde seg ulovleg i, eit anna Dublin-land
Korleis blir Dublin-saker behandla?
- Dersom nokon søkjer om vern i Noreg og saka blir behandla som ei Dublin-sak, vil UDI ikkje vurdere om den som søkjer, treng vern. Vi vil berre vurdere om det er Noreg eller eit anna Dublin-land som har ansvar for søkjaren.
- Dersom det er eit anna Dublin-land som har ansvaret for asylsøkjaren, vil søkjaren bli send til dette landet.
- Einslege mindreårige asylsøkjarar vil berre bli sende til eit anna Dublin-land dersom dei har familie der eller søknaden deira allereie er behandla der.
- Dersom det er Noreg som har ansvaret for søkjaren, vil UDI behandle søknaden som ein vanleg søknad om vern.