Slik sender du inn dokument til asylsaker

Sende inn originaldokument/pass

Originale pass og ID-dokument skal du levere personleg til politiet der du bur.

Du kan og sende dei i posten til:

Politiets Utlendingsenhet
v/ Dokumentsenteret
Postboks 8102 Dep
0032 Oslo

Du må skrive namnet ditt og DUF-nummeret ditt på eit ark som du legg ved i konvolutten. 

Du kan ikkje sende originaldokument til UDI.

Sende inn kopiar av dokument

Kopiar av dokument kan du sende til Utlendingsdirektoratet, Postboks 2098 Vika, 0125 Oslo.

Du må skrive namnet ditt og DUF-nummeret ditt på eit ark som du legg ved i konvolutten.