Er du ektefelle til, sambuar med eller barn under 18 år av ein person som har fått vern i Noreg, kan du få bu i Noreg utan at vi stiller krav til inntekta til denne personen.
Om du er ektefellen til den som bur i Noreg, må de ha gifta dykk før denne personen kom til Noreg, for at de skal få unntak for inntektskravet.
Du må passe på to fristar for at de skal sleppe kravet til inntekt. Fristane handlar om når du må registrere og når du må levere søknaden din.
Dersom du ikkje søkjer innan desse fristane, må familiemedlemmen din i Noreg ha god og stabil inntekt for at søknaden din skal kunne bli godkjend.
Dersom referansepersonen fekk vern i Noreg før 1. august 2017, gjeld berre kravet om å levera inn søknaden innan 12 månader.