Familieinnvandring


Du kan søkje om familieinnvandring dersom du har nær familie i Noreg.

Familieinnvandring skil ofte mellom familiesameining og familieetablering. Familiesameining gjeld dei som allereie har familie i Noreg og ynskjer å bli sameina i Noreg, medan familietablering gjeld dei som ynskjer å bli ein familie i Noreg.

For å få familieinnvandringsløyve må alle krava i regelverket vere oppfylte. Det er ulike krav og reglar som gjeld, avhengig av kva for familiemedlem du søkjer med.

Dei som søkjer om familieinnvandring er vanlegvis ektefelle eller barn av ein som allereie bur i Noreg. Andre døme er foreldre som har barn i Noreg, dei som skal gifte seg med ein i Noreg eller er heilsøsken. 

Sjå korleis du går fram for å søkje om familieinnvandring.

Hjelp oss med å forbetre nettsidene: Fann du det du leita etter?