Flyktning


Ein flyktning er ein person som fyller krava til å få vern (asyl) i Noreg.

Ein person vil få opphaldsløyve som flyktning i Noreg dersom han eller ho

  • har ei godt grunngitt frykt for forfølging på grunn av etnisitet, avstamming, hudfarge, religion, nasjonalitet, medlemskap i ei spesiell sosial gruppe eller på grunn av politisk oppfatning (dette kallar vi å vere ein konvensjonsflyktning),  eller
  • står i reell fare for å bli utsett for dødsstraff, tortur eller anna umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff dersom han eller ho må reise tilbake til heimlandet