Fullmakt


Dersom du ønskjer at nokon skal kunne opptre på dine vegner i samband med søknaden din, må du gi denne personen ei fullmakt. Denne personen kan for eksempel vere arbeidsgivaren din, ein familiemedlem eller ein annan person du stoler på. 

Kva betyr det å gi nokon ei fullmakt?

Den personen du gir ei fullmakt,

  • kan ringje til UDI og snakke med oss på dine vegner
  • får innsyn i saka di
  • vil få spørsmål frå utlendingsmyndigheitene om saka di
  • vil få vedtaket ditt når saka di er ferdig behandla, og må gi deg beskjed om vedtaket

 Dersom du gir nokon fullmakt, er det denne personen som blir kontakta av utlendingsmyndigheitene om saka di, ikkje du.

Korleis gir du nokon fullmakt når du leverer søknaden?

Det er enklast å gi nokon fullmakt når du leverer søknaden. 

  • Dersom du registrerer søknaden din på Søknadsportalen vil du få tilsendt eit fullmaktsskjema på e-post saman med følgebrevet ditt, som du kan fylle ut. Ta dette med deg når du skal levere søknaden på ambassaden eller hos politiet.
  • Dersom du ikkje kan bruke Søknadsportalen kan du fylle ut fullmaktsskjemaet (pdf, 684 kB). Ta det med deg når du skal levere søknaden på ambassaden eller hos politiet.

Korleis gir du nokon fullmakt etter at du har levert søknaden?

Dersom du ikkje leverte inn fullmaktsskjema då du leverte søknaden, kan du gjere det no.

  1. Fyll ut fullmaktsskjemaet (pdf, 684 kB). Hugs underskrift.
  2. Ta kopi av passet ditt (sida med personlege opplysningar og underskrift) eller annan godkjend legitimasjon der underskrifta er synleg.
  3. Send skjemaet og kopi av legitimasjonen til UDI. 

Korleis gir du nokon fullmakt etter at du har levert søknaden om beskyttelse?

Dersom du ikkje leverte inn fullmaktsskjema då du leverte søknaden om beskyttelse, kan du gjere det no.

  1. Fyll ut fullmaktsskjemaet (pdf, 684 kB). Hugs underskrift.
  2. Ta kopi av passet ditt (sida med personlege opplysningar og underskrift) eller annan godkjend legitimasjon der underskrifta er synleg.
  3. Send skjemaet og kopi av legitimasjonen som vedlegg i ein e-post til dokument@udi.no. Skriv «fullmakt» i emnefeltet på e-posten for å sikre rask registrering.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?