Kjønnslemlesting av kvinner og jenter


Kjønnslemlesting av jenter og kvinner er eit inngrep som endrar eller fjernar ytre kjønnsdelar, og det er ein gammal tradisjon fleire stader i verda. Mange kallar kjønnslemlesting for omskjering eller sunna.

Kjønnslemlesting er straffbart

  • Kjønnslemlesting er helseskadeleg. Jentene kan bli påførte skadar for resten av livet. Det er derfor forbode i dei fleste land.
  • Inngrepet skjer oftast når jentene er i alderen 5–14 år, men blir òg gjort på spedbarn, ungdommar og vaksne kvinner.
  • I Noreg er alle former for kjønnslemlesting forbode, også «sunna»-omskjering. Det er like ulovleg å fjerne litt som å fjerne mykje.
  • Personar som utfører omskjering eller medverkar til at ei jente eller kvinne blir omskoren, kan få fengselsstraff i inntil ti år. Utanlandske statsborgarar som blir dømde for dette, kan også bli utviste frå Noreg.
  • Foreldra kan bli straffa dersom dottera deira blir omskoren og det hadde vore mogleg for dei å hindre omskjeringa. Dette gjeld òg dersom det skjer i eit anna land. 

Hjelp til deg som er blitt eller er redd for å bli utsett for kjønnslemlesting  

Du kan få hjelp frå norske styresmakter dersom du er blitt eller er redd for å bli kjønnslemlesta. 

Du kan få

  • ein trygg bustad på eit krisesenter eller hjelp frå barnevernet til å finne ein bustad
  • rettleiing om situasjonen din
  • advokathjelp til å melde forholdet

Dersom du fryktar at du eller dottera di skal bli utsett for kjønnslemlesting i heimlandet, kan de søkje om vern (asyl) i Noreg. Om du kjenner til eit barn som står i fare for å bli kjønnslemlesta, skal du melde frå til barnevernet eller politiet.

Politiet kan beslagleggje pass dersom det er fare for at ei jente eller kvinne kan bli utsett for kjønnslemlesting i utlandet.

På nettsida til Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) finn du informasjonsbrosjyrar om kjønnslemlesting (ekstern nettstad). Brosjyrane finst på fleire språk.  

Helsehjelp for deg som er omskoren

Mange jenter og kvinner er blitt omskorne før dei kom til Noreg. Det er ikkje forbode å vere omskoren, men foreldra må sørgje for at døtrer som er omskorne, får nødvendig helsehjelp. 

For å få helsehjelp kan du ta kontakt med

  • lege, helsesøster eller jordmor der du bur
  • kvinneklikken på sjukehus i Oslo, Stavanger, Bergen, Tromsø eller Trondheim – her har dei eigne avdelingar som hjelper jenter og kvinner som er omskorne

På nettsida til Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) finn du informasjonsbrosjyrar om kjønnslemlesting (ekstern nettstad). Brosjyrane finst på fleire språk.

Kven kan hjelpe deg?

Meir informasjon for hjelparar

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?