Dersom ein asylsøkjar ikkje fyller krava til å få opphaldsløyve som flyktning, vil UDI og UNE alltid vurdere om han eller ho i staden fyller krava for å få opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn eller har særleg tilknyting til Noreg.
Det er strenge krav for å få opphaldsløyve på humanitært grunnlag, og det er berre i spesielle tilfelle at asylsøkjarar får dette. Asylsøkjaren må vanlegvis ha pass for å få eit slikt opphaldsløyve.