Dersom du er usikker på om opphaldsløyva dine gjev grunnlag for permanent opphaldsløyve, kan du finne dette i vedtaka du har fått frå UDI.
Du kan ha hatt fleire ulike typar løyve i botiden som gjeld for deg, men alle løyva må danne grunnlag for permanent opphald.
Ekspempel på opphaldsløyver som vanlegvis gjev grunnlag for permanent opphaldsløyve
- opphaldsløyve som faglært arbeidstakar eller sjølvstendig næringsdrivande
- dei fleste typane opphaldsløyve for familieinnvandring
- vern (asyl)
- opphald på grunn av sterke menneskelege omsyn (utan avgrensingar i opphaldsløyvet)
Eksempel på opphaldsløyver som vanlegvis ikkje gjev grunnlag for permanent opphaldsløyve
- opphaldsløyve som student
- opphaldsløyve for au pair
- opphaldsløyve for å gifte seg (forlovelsesløyve)
- opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn med avgrensingar