Schengen / Schengenområdet


Schengenområdet består av 26 europeiske land. Mellom desse landa er det vanlegvis ikkje passkontroll. Dersom du har gyldig visum eller opphaldsløyve i eitt av desse landa, kan du også besøkje dei andre landa. 

Schengenområdet består av

Belgia, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Island, Italia, Kroatia, Latvia, Liechtenstein, Litauen, Luxembourg, Malta, Nederland, Noreg, Polen, Portugal, Slovakia, Slovenia, Spania, Sveits, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ungarn og Austerrike

Krysse grenser i Schengenområdet

  • Når du reiser inn og ut av Schengenområdet, må du vise passet ditt.
  • Dersom du er meld inn i Schengen Information System (SIS) vil du ikkje få lov til å reise inn i Schengen. Du kan ha blitt meld inn i SIS dersom du har blitt utvist frå Noreg eller eit anna Schengenland.

Besøksvisum/Schengenvisum

  • Dersom du har gyldig besøksvisum i eitt av Schengenlanda, kan du også besøkje dei andre landa.
  • På visumet står det kor mange gonger du kan reise ut og inn av Schengen (éin, to eller fleire gonger).
  • Dersom visumet ditt berre er gyldig for éi innreise, må du hugse at dersom du reiser ut av Schengen, for eksempel til Storbritannia, Irland, Russland eller Tyrkia, kan du ikkje reise inn i Schengen igjen utan å ha fått nytt visum. Det er derfor viktig at du i søknaden om besøksvisum skriv kor mange gonger du skal reise ut og inn av Schengen i løpet av besøket. 

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?