Straffedømd


Å vere straffedømd vil seie å ha fått fengselsstraff, samfunnsstraff eller bøter.

Straffedømde må vente lenger på å få permanent opphaldsløyve

Dersom du har fått fengselsstraff, samfunnsstraff eller bøter dei siste tre åra, vil det gi deg tilleggstid før du kan søkje om permanent opphaldsløyve.

Forenkla førelegg (som til dømes ei parkeringsbot), mekling i konfliktrådet eller påtaleunnlating gir ikkje tilleggstid.

Straffedømde må vente lenger på å få norsk statsborgarskap

Dersom du har blitt straffedømd, har fått bøter av politiet eller er under etterforsking, må du vente lenger på å bli norsk statsborgar. Dette blir kalla «karenstid».

Straffedømde kan bli utviste

Straffedømde kan bli utviste frå Noreg og resten av Schengen-området.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?