Tidleg arbeidsstart


Arbeidsinnvandrarar frå land utanfor EU/EØS kan vanlegvis ikkje begynne å arbeide før dei har fått eit opphaldsløyve. Dei kan likevel begynne å arbeide dersom dei har fått ei stadfesting frå politiet på at dei kan jobbe (tidleg arbeidsstart). 

Krav for å få tidleg arbeidsstart

  • Søknad om opphaldsløyve for faglært arbeidstakar med arbeidsgivar i Noreg må vere levert med alle nødvendige vedlegg.
  • Arbeidstakaren må minst ha ei treårig avslutta utdanning frå universitet/høgskole, til dømes ein treårig Bachelorgrad.
  • Arbeidstakaren kan ikkje ha søkt om opphaldsløyve som religiøs leiar/lærar eller nasjonalitetskokk.

Dette må de gjere

Dersom arbeidsgivaren leverer søknaden om opphaldsløyve på vegner av arbeidstakaren

  1. Arbeidsgivaren må ha skriftleg fullmakt (pdf, 678 kB) frå arbeidstakaren, og vise fram fullmakta når han eller ho leverer søknaden om opphaldsløyve til politiet.
  2. Arbeidsgivaren må be om tidleg arbeidsstart når han eller ho leverer søknaden om opphaldsløyve til politiet.  
  3. Politiet kan då gi ei stadfesting på at arbeidstakaren kan jobbe for denne arbeidsgivaren fram til søknaden om opphaldsløyve er behandla (stadfesting på tidleg arbeidsstart). Arbeidstakaren kan ikkje byte arbeidsgivar.
  4. Dersom arbeidstakaren treng eit visum for å reise inn i Noreg, kan han eller ho få dette ved ein norsk ambassade. Arbeidstakaren må vise fram stadfesting på tidleg arbeidsstart ved den norske ambassaden. Andre land sine ambassadar kan ikkje gi denne typen innreisevisum. Dersom arbeidstakaren bur i eit land der svenske eller danske ambassadar representerer norske myndigheiter, må han eller ho kontakte ein norsk ambassade i eit land der svenske eller danske ambassadar ikkje representerer norske myndigheiter. Sjå oversikt over ambassadar for å sjekke om ambassaden er norsk eller ikkje.
  5. Seinast sju dagar etter at arbeidstakaren har komme til Noreg, må han eller ho møte og vise fram passet sitt hos politiet

NB! Etter at politiet har sendt søknaden til UDI for handsaming, er det ikkje mogleg å få ei stadfesting på tidleg arbeidsstart.  

Dersom arbeidstakaren  leverer søknaden om opphaldsløyve sjølv

Det er ikkje mogleg å be om tidleg arbeidsstart dersom du leverer søknaden om opphaldsløyve på ein ambassade.  

  1. Arbeidstakaren må be om tidleg arbeidsstart når han eller ho leverer søknaden om opphaldsløyve til politiet.
  2. Politiet kan då gi ei stadfesting på at arbeidstakaren kan jobbe fram til søknaden er behandla. Arbeidstakaren kan ikkje byte arbeidsgivar.

NB! Etter at politiet har sendt søknaden til UDI for handsaming, er det ikkje mogleg å få ei stadfesting på tidleg arbeidsstart.