Idrettsutøvar eller trenar


Krav til arbeidstakaren

Krav til kompetansen din

  • Du må enten vere idrettsutøvar som sjølv skal delta i idrett på høgt nivå, eller trenar for idrettsutøvarar på høgt nivå.
  • Du må ha ein attest frå særforbundet ditt av Norges idrettsforbund (for eksempel Norges fotballforbund, NFF) på at du har den kompetansen du treng, og på kva nivå du skal delta på.

Krav til arbeidsforholdet

  • Du må ha eit konkret tilbod frå éin arbeidsgivar i Noreg.
  • Idretten må vere på høgt nivå, som for eksempel dei to øvste divisjonane i dame- og herrefotball og den øvste divisjonen i basketball. Vi vurderer i kvart tilfelle om idretten er på høgt nok nivå.
  • Stillinga må vanlegvis vere på heiltid.
  • Lønns- og arbeidsvilkåra dine må ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg. Du kan altså ikkje få dårlegare lønn enn det norske utøvarar eller trenarar får i idrettsklubben din. Lønna må uansett vere på minst 

    296 550 kroner i året før skatt

    .

Rettar og plikter

  • Du kan få opphaldsløyve for eitt år om gongen.
  • Etter tre år kan du søkje om permanent opphaldsløyve i Noreg.
  • Familien din kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.
  • Du kan byte arbeidsgivar utan å søkje om nytt opphaldsløyve. Men du må gjere same type arbeid.
  • Dersom du skal utføre ein ny type arbeid, må du levere ein ny søknad om opphaldsløyve. Du kan ikkje starte med ein ny type arbeid før du har fått nytt opphaldsløyve.