Ventetid for å få permanent opphaldsløyve for straffedømde og for dei som har fått bøter


Dersom du er straffedømd, har fått bøter av politiet eller er under etterforsking, må du i nokre tilfelle vente lenger på å få permanent opphaldsløyve i Noreg.

Kven som ikkje må vente

Du må ikkje vente lenger på å få permanent opphaldsløyve dersom du:

  • har fått parkeringsbot
  • har fått eit forenkla førelegg
  • har vore i konfliktrådet
  • har vore mistenkt eller tiltalt i ei straffesak og saka er lagd bort eller du har fått påtaleunnlating
  • har fått bøter og det er meir enn 2 år sidan dommen eller 2 år sidan du fekk bota
  • har fått ein vilkårsdom for meir enn 5 år sidan
  • er blitt dømd til fengsel utan vilkår i inntil 6 månader og det er meir enn 5 år sidan du anten blei lauslaten på prøve eller var ferdig med å gjennomføre straffa
  • er blitt dømd til fengsel utan vilkår i meir enn 6 månader og det er meir enn 10 år sidan du anten blei lauslaten på prøve eller var ferdig med å gjennomføre straffa

Du må vente lenger på å få permanent opphaldsløyve dersom du:

• har fått bøter og førelegg og det er mindre enn 2 år sidan du fekk dei
• har fått fengselsstraff
• har fleire førelegg eller dommar
• er dømd til tvungent psykisk helsevern
• er under etterforsking av politiet eller tiltalt i ei sak som enno ikkje er avgjord

Har du fengsel utan vilkår eller forvaring?

Når du er dømd til fengsel utan vilkår eller til forvaring, må du vente lenger før du kan få permanent opphaldsløyve. Butida du må ha for å kunne få permanent opphaldsløyve i Noreg, kjem i tillegg.

I denne tabellen kan du sjå kor lenge du må vente (i tillegg til butid):

Ventetid ved fengsel utan vilkår eller forvaring
Fengselsstraff eller forvaringVentetid
Inntil 90 dagar 2 år
Inntil 6 månader 3 år
Inntil 1 år 4 år
Inntil 2 år 5 år
Inntil 3 år 6 år
Inntil 4 år 7 år
Inntil 30 år 33 år

Tida du sit i fengsel eller forvaring eller sonar ei ungdomsstraff, tel ikkje med i butida du må ha i Noreg for å få permanent opphaldsløyve.

Har du fått bøter?

Når du har fått bøter, må du vente lenger før du kan få permanent opphaldsløyve. Butida du må ha for å kunne få permanent opphaldsløyve i Noreg, kjem i tillegg. I denne tabellen kan du sjå kor lenge du må vente.

Ventetid ved bøter
Størrelse på botaVentetid
Frå 1 krone til 3000 kroner 6 månader
Frå 3001 kroner til 5000 kroner 1 år
Frå 5001 kroner 1–2 år

Dersom du får fleire bøter, må du vente i maksimalt 2 år.

Har du fengsel på vilkår?

Når du har fått fengsel på vilkår, må du vente lenger før du kan få permanent opphaldsløyve. Butida du må ha for å kunne få permanent opphaldsløyve i Noreg, kjem i tillegg.

• Dersom du er dømd til fengsel på vilkår på inntil eitt år, må du vente eitt år ekstra.
• Dersom du er dømd til fengsel på vilkår i meir enn eitt år, må du vente to år ekstra. Vanlegvis vil du ikkje få permanent opphaldsløyve i den perioden dommen gjeld.

Er du dømd til tvungent psykisk helsevern?

Når du er blitt dømd til tvungent psykisk helsevern, må du vente lenger før du kan få permanent opphaldsløyve. Etter at perioden med tvungent psykisk helsevern er avslutta, må du tene opp butid på ny.

Er du dømd til samfunnsstraff?

Når du er blitt dømd til samfunnsstraff, må du vente lenger før du kan få permanent opphaldsløyve. Butida du må ha for å kunne få permanent opphaldsløyve i Noreg, kjem i tillegg.

Dersom du er dømd til samfunnsstraff, må du tene opp eitt år med ekstra butid etter at du har gjennomført samfunnsstraffa. Vanlegvis vil du ikkje få permanent opphaldsløyve i den perioden du gjennomfører straffa.

Er du sikta eller under etterforsking?

Dersom du er sikta eller under etterforsking, får du ikkje svar på søknaden din om permanent opphaldsløyve før det er avgjort om du får straff. Du kan få fornya opphaldsløyvet ditt dersom du oppfyller vilkåra for fornying.

Har du fleire dommar eller bøter?

Dersom du er blitt dømd eller har fått bøter fleire gonger, må du vente ekstra lenge på å få permanent opphaldsløyve. Du får da lengre ventetid enn om det berre hadde vore eitt straffbart forhold.

Er du blitt dømd i utlandet?

Dersom du er blitt dømd eller har fått bøter i utlandet, må du vente like lenge som om du hadde blitt dømd i Noreg.

Det gjeld ikkje dersom det du er blitt dømd for, ikkje er straffbart i Noreg.
Dersom du har fått strengare straff enn det du kunne ha fått i Noreg, blir tida du må vente, berekna ut frå den maksimale straffa du kunne ha fått i Noreg. 

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?