Visa Information System (VIS)


Visa Information System (VIS) er eit felles IT-system for Schengenlandene. Det inneheld personopplysningar, inkludert fingeravtrykk, om dei som søkjer om eit besøksvisum og namn og adresse på personen eller organisasjonen som har invitert dei.

Kven har tilgang til informasjonen i VIS?

Visumstyresmaktene har tilgang til informasjonen når dei behandlar søknader.

Grensekontrollen og politiet har tilgang til informasjonen når dei treng å sjekke nokons identitet, sjekke om eit visum er ekte eller sjekke om nokon fyller krava for å reise inn i, opphalde seg i eller bu i eit av Schengenlandene.

Asylstyresmaktene har tilgang til informasjonen når dei skal avgjere kva EU/EØS-land som er ansvarleg for å behandle ein søknad om asyl.

Andre nasjonale styresmakter og Europol kan be om tilgang til informasjonen i spesielle tilfelle for å kunne forhindre, avsløre og etterforske terror og alvorleg kriminalitet.

Kor lenge blir informasjonen lagra i VIS?

Informasjonen blir lagra i VIS i fem år, rekna frå datoen eit visum går ut, ein søknad blir avslått eller eit utskrive visum blir endra.

Du har rett til å vite kva opplysningar som er registrerte om deg

Viss du er registrerte i VIS har du rett til å vite kva kva opplysningar som er registrerte om deg. Du har også rett til å vite kva Schengenland som har skaffa eller registrert opplysningane.

Viss du ønskjer å finne ut kva opplysningar som er registrerte om deg må du fylle ut skjemaet Request for access to information in the Visa Information System (VIS) (berre på engelsk) (pdf, 591 kB).

Send skjemaet saman med ein kopi av ID-en din (for eksempel pass) til UDI med post eller e-post:

Utlendingsdirektoratet
Postboks 2098 Vika
0125 Oslo

E-post: visumservice@udi.no 

Viss nokon av opplysningane om deg er feil eller noko manglar, kan du be om at det blir retta opp. Du må skrive eit brev der du forklarer kvifor opplysningane er feil, og sende det til adressa over.

Du kan også be om råd og rettleiing frå Datatilsynet (eksternt nettsted), som er tilsynsmakt. Datatilsynet kan sjekke for deg om opplysningane om deg i VIS er rette og har vore brukt på rett måte.

Fant du det du lette etter?