Viss du ikkje har opphaldt deg i Noreg i til saman seks månader, kan du likevel få behalde det norske statsborgarskapet ditt, viss du har ei sterk tilknyting til Noreg. Når UDI vurderer om du du har ei sterk tilknyting, vil vi leggje vekt på om du:
Du må søkje før du fyller 22 år. Viss du søkjer etter at du har fylt 22 år, kan vi likevel behandle søknaden din viss du ikkje kan klandrast for at fristen ikkje blei haldt, eller viss det ville vere urimeleg at du mista det norske statsborgarskapet ditt.
Viss du fylte 22 år før 1. september 2006, gjeld det eigne reglar. Ta kontakt med UDI for å avklare reglane i slike tilfelle.
Viss du er under 18 år, må foreldra dine søkje på dine vegner. Begge foreldra dine må underteikna søknaden, med mindre den eine har foreldreansvaret åleine. Ei oppnemnd verje kan òg sende ein slik søknad. Viss du har fylt 12 år, må du samtykke i søknaden.