Skal søke Arbeidsinnvandring


Dersom du ønskjer å komme til Noreg for å arbeide, treng du eit opphaldsløyve. Som regel må du skaffe deg ein jobb først. Kva slags opphaldsløyve du skal søkje om, er avhengig av kva slags kompetanse du har, og kva slags jobb du skal gjere i Noreg. 
Informasjon
Søkjaren er personen som ønskjer å besøkje eller bu i Noreg.

Dersom du er frå eit land utanfor EU/EØS og ønskjer å arbeide i Noreg, må du ha eit opphaldsløyve. Dersom du ikkje allereie har eit opphaldsløyve, må du søkje om eit opphaldsløyve for arbeid. Tidligare blei dette kalla eit arbeidsløyve.  Dette kan for eksempel vere eit opphaldsløyve for faglærte arbeidarar, nasjonalitetskokkar, sesongarbeidarar, sjølvstendig næringsdrivande eller tilsette i ein humanitær, ideell eller religiøs organisasjon.