Praktikant


Krav til praktikanten

  • Du må betale eit søknadsgebyr.
  • Du kan vere praktikant mens du er under høgare utdanning. Utdanninga må skje ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon.
  • Du kan ikkje ha fullført utdanninga di. Da må du i staden søkje om løyve som faglært. Du kan heller ikkje ha eit praktikantopphald i starten av studia dine.
  • Føremålet med praktikantopphaldet må vere å få praktisk opplæring innan utdanninga di.
  • Du kan vanlegvis ikkje ha vore praktikant tidlegare eller ha arbeidd innan same bransje som du no ønskjer å vere praktikant i.
  • Du må ha ein stad å bu.
  • Du må ha fylt 18 år når du søkjer og ikkje ha fylt 30 år.
  • Forholda i heimlandet ditt må vere slik at det er sannsynleg at du kan reise tilbake dit når du er ferdig som praktikant. 

Krav til praktikantopphaldet

  • Du må ha eit konkret tilbod om heiltidsarbeid som praktikant.
  • Praktikantopphaldet må vere relevant for utdanninga di.
  • Du kan enten vere lønna eller motta stipend. Lønna di kan ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg:
    • Dersom du skal jobbe i ein bransje med tariffavtale, må du få tarifflønn for arbeidstakar som er under utdanning.
    • Dersom du skal jobbe i ein bransje utan tariffavtale, kan lønna di ikkje vere dårlegare enn det som er normalt for nokon som er under utdanning i yrket ditt der du skal jobbe. 
    • Du kan få stipend i staden for lønn. Storleiken på stipendet må vere tilsvarande basisstøtta for heiltidsstudium for høgare utdanning i Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen). For studieåret 2024/2025 vil dette seie minst

       13 790‬ kroner i månaden

      .
  • Du kan berre ha éin arbeidsgivar.
  • Du har ikkje lov til å drive fjernarbeid, med mindre det er ein del av jobben du har fått opphaldsløyve for å gjere.

Rettar og plikter for dei som får løyve

  • Du kan få opphaldsløyve for opptil seks månader. I heilt spesielle tilfelle kan du få opphaldsløyve for opptil tolv månader. 
  • Du kan ikkje fornye opphaldsløyvet ditt.
  • Ektemaken eller sambuaren din og barna dine kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.
  • Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.