Grensebuarbevis for personar frå Barentsregionen


Med eit grensebuarbevis kan du som bur innan 30 km frå den norsk-russiske grensa, fritt besøke det norske grenseområdet.
  • Eit grensebuarbevis er eit kort som gir deg løyve til å besøke grenseområdet.
  • Du kan besøke grenseområdet så ofte du vil, i inntil 15 dagar av gongen.
  • Grensebuarbeviset er gyldig like lengje som passet ditt, men aldri lenger enn tre år av gongen. Når grensebuarbeviset går ut, kan du søke om eit nytt.

Kva er grenseområdet?

  • Område i Sør-Varanger kommune som ligg innanfor ei sone på ca. 30 km frå den norsk-russiske grensa.
  • Kommunane Zapoljarnyj og Korzunovo, og dessutan område i kommunane Nikel og Petsjenga som ligg innanfor ei sone på 30 km frå grensa. Sjå kart over grenseområdet (jpg, 9 MB)

Krav for å få grensebuarbevis

  • Du må betale eit gebyr på 20 Euro. (Personar under 18 år, fulltidsstudentar og personar over 60 år treng ikkje betale gebyr.)
  • Du må ha gyldig pass.
  • Du eller ektefellen din må ha vore lovleg busett i grenseområdet i dei tre siste åra.
  • Viss du er under 18 år eller er arbeidsufør og bur saman med foreldra dine som forsørgjer deg, er det nok at mora eller faren din har vore lovleg busett i grenseområdet i dei tre siste åra.
  • Du kan ikkje ha eit innreiseforbod til Noreg eller Schengen.
  • Du må ha behov for å krysse grensa ofte, til dømes fordi du har familie, vennar eller forretningsforbindelsar i grenseområdet, eller er aktiv i kulturlivet der.
  • Du treng ikkje vere russisk statsborgar.

Slik søkjer du

1. Samle dokumentasjon du treng til søknaden

  • Gyldig innanrikspass
  • Gyldig utanrikspass
  • Kopi av ID-sida og sidan med bustadregistrering i innanrikspasset ditt
  • Kopi av ID-sida i utanrikspasset ditt
  • Underteikna følgjebrev

2. Fyll ut søknaden din

Registrer søknaden din på Søknadsportalen (ekstern nettstad), betal gebyr og bestill time hos generalkonsulatet i Murmansk.

3. Møt opp personleg for å levere søknaden

Møt opp hos generalkonsulatet i Murmansk (ekstern nettstad) For å levere dokumentasjonen din, gi fingeravtrykk og bli fotografert. 

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?