Har du planlagt å reise til utlandet?


Dersom du skal reise ut av Noreg må du ha gyldig pass og opphaldskort. Dersom du har søkt om utlendingspass, reisebevis eller nytt opphaldsløyve og ikkje har fått svar enno, kan dessverre ikkje søknaden din komme først i køen sjølv om du har lagt planar.

Published: 14.06.2018 - Last changed: 05.11.2018

Dette må du hugse dersom du planlegg ei reise til utlandet

Når du skal reise til utlandet må du ha:

  • gyldig pass/utlendingspass/reisebevis for flyktningar, og
  • gyldig opphaldskort

For nordiske borgarar og borgarar av EU/EØS-land er det eigne reglar (ekstern nettstad)

Dersom du manglar gyldig pass/utlendingspass/reisebevis eller gyldig opphaldskort, bør du ikkje reise ut av Noreg. Då kan du få problem på flyplassen, når du prøver å reise inn i eit anna land, eller når du prøver å reise tilbake til Noreg.

Du bør heller ikkje bestille reiser til utlandet før du har både gyldig pass/utlendingspass/reisebevis og gyldig opphaldskort. Søknaden din kan dessverre ikkje komme først i køen sjølv om du har planlagt og betalt for ei reise.  

Informasjon til deg som ventar på svar på søknaden din 

Det er våre vanlege ventetider som gjeld. Vi oppdaterer informasjonen om ventetider kvar månad.  

Det skal heilt spesielle forhold til for at saka di kan komme først i køen. Søknaden din kan dessverre ikkje komme først i køen sjølv om du har planlagt å reise.

Informasjon til deg som har fått opphaldsløyve 

Dersom du har fått opphaldsløyve, og oppheld deg i Noreg, må du bestille time hos politiet for å få opphaldskort (ekstern nettstad). Ver merksam på at det vanlegvis vil ta ti dagar frå du har møtt hos politiet til du får opphaldskortet ditt i posten. Det kan også vere ventetid før du du får time hos politiet. Dette er viktig å hugse på dersom du skal planleggje ei reise.

Dersom du har fått opphaldsløyve, og treng visum for å reise inn i Noreg, vil ambassaden som har ansvar for saka di gi deg innreisevisum. Det varierer frå land til land kor lang tid det tar før ambassaden eller søknadssenteret tar kontakt med deg, og du får innreisevisumet ditt til Noreg. 

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?