Du som er referanseperson må ha hatt ei samla inntekt på minst 287 278 kroner før skatt i 2021.
Dette må vere inntekt som arbeidsgjevaren din har rapportert inn til Skatteetaten, og samsvarer med det som er oppgitt på dine lønsslippar. Når skatteoppgjeret for 2021 er klart må det vise ei inntekt på minst 287 278 kroner før skatt.
Dersom vi ikkje har informasjonen om inntekta di for 2021, og skatteoppgjeret for 2021 ikkje er ferdig når vi behandlar søknaden, ser vi på inntekta di frå skatteoppgjeret for 2020. For 2020 var kravet til inntekt minst 273 648 kroner før skatt. Les meir om inntektskravet.
Dagpengar kan reknast med.
Du må framleis ha inntekt på høgt nok nivå òg i perioden fram til vi fattar vedtak.
UDI hentar informasjon om referansepersonen si inntekt direkte frå Skatteetaten.
Vi hentar ut:
Dersom du som referanseperson er lønsmottakar og får lønsslippar frå arbeidsgjevaren din, vil UDI hente ut informasjonen om lønsslippane elektronisk frå Skatteetaten. Du skal ikkje sende inn lønsslippar til UDI.
Dersom du ikkje får lønsslippar, til dømes fordi du er sjølvstendig næringsdrivande, får ikkje UDI tilgang til opplysningar om inntekta di i 2021 før skatteoppgjeret er klart.
Skatteoppgjeret ditt er klart tidlegast i byrjinga av august. For at vi skal vurdere inntekta di frå 2021 før sommaren, må du sende inn skattemeldinga for 2021 sjølv, med nødvendige vedlegg (næringsoppgåve/næringsspesifikasjon med meir).
Fram til vi har fått skattemeldinga di for 2021 frå deg eller skatteoppgjeret for 2021 er klart, vil vi sjå på inntekta di frå 2020 når vi vurderer om du fyller kravet til tidlegare inntekt. Les meir om inntektskravet.
Slik sender du inn sjølvmeldinga til UDI.