Større variasjon i ventetider for søknader om opphaldsløyve


Frå 2022 kan det i ein overgangsperiode bli større variasjon i ventetider på søknader om opphald. Dette er fordi at UDI legg om måten vi jobbar på for at fleire skal få raskare svar på søknaden sin.

Publisert: 23.09.2022

Frå januar 2022 ser UDI på nye søknader om opphaldsløyve etter kvart som dei blir overførte til UDI for å vurdere om vi kan behandle søknaden direkte, eller om vi må hente inn meir informasjon. Det kan til dømes vere at det manglar opplysningar slik at vi må kontakte søkjaren, at saka krev intervju eller at søkjaren og referansepersonen må ta ein DNA-test. 

På den måten sikrar vi at saker ikkje blir liggande på vent før vi set i gang neste steg i saksbehandlinga. Sjølv om UDI legg om saksløpet for nye opphaldssaker, vil fleirtalet av saksbehandlarane våre framleis arbeide med dei eldre sakene.  

Den nye arbeidsflyten vil gjelde for dei fleste sakstypar om opphaldsløyve, men ikkje alle. Her kan du se kva som er ventetida for di sakstype. 

Viss du søkjer om ein type opphaldsløyve som er omfatta av desse endringane etter 1. januar 2022, så vil søknaden din følgje det nye saksløpet. 

Du får raskare beskjed om noko manglar

Målet med denne omlegginga er å arbeide meir effektivt og at det på sikt skal bli meir føreseieleg for deg som søkjer. Viss ein søknad blir liggjande lenge før vi vurderer han, kan situasjonen for deg som søkjer endre seg, eller noko av informasjonen kan bli for gammal og må hentast inn på nytt.   

Vi veit at mange søkjarar blir utrygge og kontaktar oss viss det tar lang tid før dei får svar på søknaden sin. Når vi byrjar å jobbe med nye saker fortløpande, kan vi gi deg som søkjer raskare beskjed viss det manglar informasjon i søknaden, som du må ettersende til oss. Vi får òg sett i gang nødvendige undersøkingar som intervju og DNA-undersøkingar raskare. Det betyr dessverre at det i ein overgangsfase vil vere stor variasjon i kor lang tid det tar å få svar på søknader av same sakstype.   

Ventetida di kan bli kortare eller lengre

UDI har mange saker som ligg i kø for å bli behandla. Fordi vi frå januar 2022 saksbehandlar både eldre og nye søknader, kan du som søkjer oppleve at det er forskjell på om søknaden din blirbehandla like raskt som andre liknande søknader. Det betyr dessverre òg at det kan ta lengre tid enn tidlegare oppgitt før du får svar på søknaden din.   

Du må vere oppmerksam på at sjølv om du har sendt inn søknaden din på nett, så kjem ikkje saka direkte til UDI. Søknaden din er rekna som levert når du har vore hos politiet/SUA eller eit VFS søknadssenter og levert vedlegga til søknaden din.   

Det kan vere lang ventetid for å få time hos politiet no. Ventetida vi oppgir på udi.no er den tida vi anslår det vil ta før du får svar på søknaden din etter at søknaden med vedlegg er leverte til politi/SUA eller VFS søknadssenter. 

  • Vil jeg få kortere ventetid hvis jeg trekker søknaden min og søker på nytt?

  • Jeg husker ikke når jeg leverte dokumentene mine. Hvordan finner jeg ut det?

  • Kan søknaden min gå foran i køen?

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?