Syriske statsborgarar må no ha eit visum for å vere i transitt på Oslo lufthavn


Frå 15. desember vil syriske statsborgarar som reiser gjennom Oslo lufthavn Gardermoen på vei til eit anna land utanfor Schengen-området trenge visum, også dersom dei ikkje skal forlate flyplassen.

Published: 07.11.2019

Tidlegare var det ikkje nødvendig for syriske statsborgarar å ha eit flyplass-transittvisum dersom dei berre skulle opphalde seg i transittsonen på Oslo lufthavn, men det er no endra. Dersom du er syrisk statsborgar og planlegg å reise gjennom Oslo Lufthavn etter 15. desember, og du ikkje har eit gyldig visum til Schengen-området allereie, må du søke om eit flyplass-transittvisum. 

Det gjer du ved å søke om eit vanleg besøksvisum og levere inn dokumentasjon på billettane dine, formålet med å opphalde deg i landet du skal reise til og visum eller opphaldsløyve i landet du skal til eller det neste landet du skal reise vidare til.  

Det har blitt bestemt av Justis- og beredskapsdepartementet. Grunnen er auken av syriske statsborgarar som søker asyl i Noreg. 

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?