Tidlegare var det ikkje nødvendig for tyrkiske statsborgarar å ha eit flyplass-transittvisum dersom dei berre skulle opphalde seg i transittsonen på Oslo lufthavn, men det er no endra. Dersom du er tyrkisk statsborgar og planlegg å reise gjennom Oslo Lufthavn etter 23. august, og du ikkje har eit gyldig visum til Schengen-området allereie, må du søke om eit flyplass-transittvisum.
Det gjer du ved å søke om eit vanleg besøksvisum og levere inn dokumentasjon på billettane dine, formålet med å opphalde deg i landet du skal reise til og visum eller opphaldsløyve i landet du skal til eller det neste landet du skal reise vidare til.
Det har blitt bestemt av Justis- og beredskapsdepartementet. Grunnen er auken av tyrkiske statsborgarar som søker asyl i Noreg.