Tilsetje ein person som ønskjer å flytte til Noreg


  • Utanlandske statsborgarar som skal arbeide i Noreg, må vanlegvis ha opphaldsløyve. Du kan lese meir om ulike typar opphaldsløyve for arbeid.
  • For at arbeidstakaren skal kunne søkje om eit opphaldsløyve for arbeid, må du gi han eller henne eit konkret arbeidstilbod. Dette gjer du vanlegvis ved å fylle ut UDI sitt arbeidstilboksskjema. Vel om du vil ha arbeidstilbodsskjema på bokmål (pdf, 2,3 MB) eller arbeidstilbodsskjema på nynorsk (pdf, 1,4 MB)
  • Ved mellom anna søknader om opphaldsløyve for faglærte og sesongarbeidarar kan arbeidsgivaren søkje på vegner av arbeidstakaren. Du må da ha ei skriftleg fullmakt frå arbeidstakaren. Du kan lese meir om dette på sidene for dei ulike opphaldsløyva
  • Ved mellom anna søknader om opphaldsløyve for faglærte kan arbeidsgivaren også søkje på vegner av arbeidstakaren sin ektefelle/sambuar og barn. Du må da ha ei skriftleg fullmakt frå familiemedlemmene. Dersom du leverer søknadene for arbeidstakaren og familiemedlemmene samtidig, vil dei også få svar på søknadene samtidig.
  • Du finn ei oversikt over ventetidene her. For søknader om oppholdsløyve som faglært gjeld følgjande: På grunn av at vi har mottatt eit stort antall søknader, samt at det er utfordringar med kontroll av utdanningsdokument i søknader som gjeld arbeid på yrkesfagleg nivå, kan det ta lenger tid å behandle slike søknader. Dette omfattar for eksempel søknader som gjeld arbeid som kokk, bilmekanikar, snekker, målar, murar og frisør. 
  • Arbeidstakaren kan ikkje begynne å jobbe før han eller ho har fått eit opphaldsløyve. I nokre tilfelle kan arbeidstakaren likevel begynne å jobbe før søknaden er behandla, dersom de har fått ei stadfesting frå politiet om "tidleg arbeidsstart".
  • Dersom arbeidstakaren får opphaldsløyve, vil det ha ein utløpsdato. Dei fleste opphaldsløyva kan fornyast. Arbeidstakaren må søkje om fornying seinast ein månad før løyvet går ut, for å behalde alle rettane sine. Vi tilrår at arbeidstakaren søkjer 2–3 månader før løyvet går ut.