Kan norske borgarar og familiemedlemmene deira vere omfatta av EU/EØS-regelverket i Noreg?


Dersom referansepersonen (familiemedlemmen i Noreg) er norsk, blir denne personen og familiemedlemmene hans eller hennar, omfatta av EØS-regelverket viss 

  • dei har budd fast saman i eit anna EU/EØS-land enn Noreg, og
  • referansepersonen har vore arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, hatt tilstrekkeleg midlar eller vore student der, og
  • dei no flyttar til Noreg saman eller gjenforeinast her