Invitasjon frå firmaer/organisasjoner


Kva er ein invitasjon?

Ein invitasjon er eit brev frå firmaet eller organisasjonen, skrive på deira brevpapir. Dette leverer du saman med dei andre søknadsdokumenta dine.

Nokre ambassadar har et eige invitasjonsskjema. Det finn du i ambassaden sin sjekkliste. Dersom ambassaden har eit slikt skjema, kan firmaet/organisasjonen fylle ut dette skjemaet i staden for å skrive eit brev. 

Kva må invitasjonen innehalde?

  • namnet til deg som skal besøke Noreg
  • opplysningar om korfor du har blitt invitert, for eksempel til eit viktig møte eller ein konferanse
  • forslag til datoar for besøket, og dato for møte eller arrangement du skal delta på
  • namnet og organisasjonsnummeret til firmaet/organisasjonen som inviterer deg
  • informasjon om forhaldet mellom deg og firmaet/organisasjonen, for eksempel om de har eit forretningssamarbeid

Dersom firmaet/organisasjonen tar på seg å betale for reise, mat og bustad for deg, må dette stå i invitasjonen.

Dersom firmaet/organisasjonen også ønsker å stille ein økonomisk garanti, må dei i tillegg fylle ut eit sponsorskjema.