Korleis klagar eg på eit vedtak frå ein ambassade?
Viss det er ein ambassade som har behandla søknaden din, må du levere klaga til denne ambassaden.
Kven kan levere ei klage?
- Du som skal klage, må anten sjølv vere søkjaren (personen som treng eit visum) eller ha fått ei fullmakt av søkjaren.
- Viss du er familiemedlemmen, arbeidsgivaren eller vennen til søkjaren i Noreg og skal klage, må du altså ha fått ei fullmakt av søkjaren.
Kva er fristen for å klage?
- Du må klage innan tre veker frå du, fullmektigen din eller advokaten din fekk vedtaket, eller frå de burde ha skaffa dykk kjennskap til det.
- Har du ikkje rokke å skaffe all dokumentasjonen du ønskjer å leggje ved klaga, innan tre veker? Då må du uansett sende inn klaga innan fristen, men du kan skrive i klaga at du ønskjer å sende oss meir dokumentasjon. Då vil du få ein ny frist på to veker til å sende inn dokumentasjonen.
Korleis skal du klage?
- Skriv eit brev der du forklarer kva vedtak du klagar på og kvifor du meiner at vedtaket du har fått er feil. Brevet må vere på norsk eller engelsk.
- Skriv under på brevet. (Klager utan underskrift blir avvist.)
- Send brevet til ambassaden. Viss du har ny informasjon eller dokumentasjon, må du leggje ved dette. Du finn informasjon i avslagsbrevet om korleis du skal sende inn klaga.
Det kostar ikkje noko å klage.
Kor lang tid tek det før du får svar på klaga di?
Sjå nettsidene til ambassaden (eksternt nettsted) for informasjon om ventetider.
Kva skjer når du klagar på eit vedtak?
- Når du klagar, vil ambassaden sjå på saka di på nytt.
- Ambassaden kan anten innvilge søknaden din eller sende den vidare til UDI for klagebehandling. Du kan lese om kor lang tid det tek å få svar viss klaga blir send til UDI her.
- UDI vil behandle saka di på nytt. Dei vil anten avslå søknaden din eller innvilge han. Viss du har spørsmål om innhaldet i UDIs vedtak, kan du kontakte oss på telefon.
- Viss UDI også avslår søknaden din, har du ikkje fleire klagemoglegheiter.