Nettsiden www.udi.no fungerer ikke i nettleseren Opera Mini, som du bruker nå. Du må bruke en annen nettleser, for eksempel Opera eller standardnettleseren på telefonen din.
Viss du får avslag på søknaden din om opphaldsløyve eller visum, vil du få ein frist for å reise ut av Noreg. Viss du ønskjer å bli i Noreg medan UDI eller UNE behandlar klaga di, kan du søkje om dette. (Dette blir kalla utsett iverksetjing av vedtaket.)
Viss vi seier ja, kan du vente i Noreg til du har fått svar på klaga di.
Viss vi seier nei må du reise ut av Noreg innan fristen du har fått.
Spesielle reglar for deg som har søkt om fornying eller har fått kalla tilbake opphaldsløyvet ditt
Viss du søkte om fornying av eit opphaldsløyve, og du søkte om fornyinga minst éin månad før det førre løyvet din gjekk ut, har du rett til å vere i Noreg under klagebehandlinga utan å søkje om dette.
Viss UDI har kalla tilbake opphaldsløyvet ditt, har du rett til å vere i Noreg under klagebehandlinga utan å søkje om dette.