Norsk pass
Dersom du har vorte norsk statsborgar, kan du få eit vanleg norsk pass. Du får ikkje norsk pass automatisk når du blir norsk statsborgar – du må søkje om å få norsk pass.
Passet er raudt.
Nasjonalt ID-kort
Viss du har vorte norsk statsborgar kan du søkje om nasjonalt ID-kort. Det er mogleg å få det nasjonale ID-kortet med reiserett, slik at du òg kan bruke det som eit reisedokument (på same måte som pass) når du skal reise til EU/EØS-landa og Sveits.
Reisebevis for flyktningar
Viss du har komme til Noreg som asylsøkar eller overføringsflyktning og har fått beskyttelse (asyl) i Noreg, kan du få reisebevis for flyktningar. Du må søkje om å få reisebevis.
- Nytt reisebevis utskrive frå og med 19. oktober 2020 er blått.
- Reisebevis utskrive før 19. oktober 2020 er grønt.
Reisebevis utskrive før 19. oktober 2020 er framleis gyldig til utløpsdato.
Utlendingspass
Dersom du har opphaldsløyve i Noreg og det ikkje er mogleg for deg å skaffe pass frå heimlandet ditt, kan du søkje om eit ordinært norsk utlendingspass.
Utlendingspasset er vanlegvis gyldig i fleire år. Du må søkje om å få utlendingspass.
Du kan bruke dette som eit vanleg pass til å reise ut og inn av Noreg med, men du kan ikkje bruke det til å besøkje heimlandet ditt.
- Nytt utlendingspass utskrive frå og med 19. oktober 2020 er grått.
- Utlendingspass utskrive før 19. oktober 2020 er blått.
Utlendingspass utskrive før 19. oktober 2020 er framleis gyldig til utløpsdato.
Utlendingspass for enkeltreise
Dersom du har opphaldsløyve i Noreg og du plutseleg må reise på ein viktig tur til utlandet, kan du søkje om norsk utlendingspass for enkeltreise.
Det kan ikkje vere mogleg for deg å skaffe pass frå heimlandet ditt i tide før du skal reise.
Utlendingspasset for enkeltreise er blått eller grått, avhengig av om det er utskriven før eller etter 19. oktober 2020 (sjå over). Det står i passet om det kan brukast til éin eller to reiser.