Arbeidsinnvandrarar frå land utanfor EU/EØS kan vanlegvis ikkje begynne å arbeide før dei har fått eit opphaldsløyve. Dei kan likevel begynne å arbeide dersom dei har fått ei stadfesting frå politiet på at dei kan jobbe (tidleg arbeidsstart).
Det er politiet som gir stadfesting for tidleg arbeidsstart
- Du må sjekke med ditt lokale politidistrikt (eksternt nettsted) om du kan få tidleg arbeidsstart.
- På servicesentra for utanlandske arbeidstakarar (SUA) i Bergen, Oslo, Trondheim, Kirkenes og Stavanger får du ikkje stadfesting for tidleg arbeidsstart.
- Du må kontakte politiet (eksternt nettsted) dersom du har spørsmål om kor lenge du må vente på å få ei stadfesting på tidleg arbeidsstart frå politiet, eller om du har andre spørsmål om korleis politiet handterer ordninga om tidleg arbeidsstart.
Krav for å få tidleg arbeidsstart for faglært arbeidstakar med arbeidsgivar i Noreg
- Søknad om opphaldsløyve for faglært arbeidstakar med arbeidsgivar i Noreg eller opphaldsløyve som idrettsutøvar eller trenar må vere levert med alle nødvendige vedlegg.
- Arbeidstakaren må minst ha ei treårig avslutta utdanning frå universitet/høgskole, til dømes ein treårig bachelorgrad.
- Arbeidstakaren kan ikkje ha søkt om opphaldsløyve som religiøs leiar/lærar.
- Arbeidstakaren kan ikkje vere statsborgar av Iran eller Nord-Korea.
Krav for å få tidleg arbeidsstart for tilsett i internasjonalt selskap som skal på oppdrag i Noreg
- Søknad om opphaldsløyve for tilsett i internasjonalt selskap som skal på oppdrag til den norske delen av selskapet må vere levert med alle nødvendig vedlegg.
- Den utsende arbeidstakaren må vere faglært.
- Den utsende arbeidstakaren kan ikkje vere statsborgar av Iran eller Nord-Korea.
Dette må de gjere
-
Dersom arbeidsgivaren/oppdragsgivaren leverer søknaden om opphaldsløyve på vegner av arbeidstakaren
- Arbeidsgivaren/oppdragsgivaren må ha skriftleg fullmakt (pdf, 266 kB) frå arbeidstakaren, og vise fram fullmakta når han eller ho leverer søknaden om opphaldsløyve til politiet.
- Arbeidsgivaren/oppdragsgivaren må be om tidleg arbeidsstart når han eller ho leverer søknaden om opphaldsløyve til politiet.
- Politiet kan då gi ei stadfesting på at arbeidstakaren kan jobbe for denne arbeidsgivaren/oppdragsgivaren fram til søknaden om opphaldsløyve er behandla (stadfesting på tidleg arbeidsstart). Arbeidstakaren kan ikkje byte arbeidsgivar eller oppdragsgivar.
- Dersom arbeidstakaren treng eit visum for å reise inn i Noreg, kan han eller ho få dette ved å søkje om innreisevisum. Arbeidstakaren må levere stadfesting på tidleg arbeidsstart i samband med søknaden. Arbeidstakaren må levere søknaden fysisk.
NB! Etter at politiet har sendt søknaden til UDI for handsaming, er det ikkje mogleg å få ei stadfesting på tidleg arbeidsstart.
-
Dersom arbeidstakaren leverer søknaden om opphaldsløyve sjølv
Det er ikkje mogleg å be om tidleg arbeidsstart dersom du leverer søknaden om opphaldsløyve på ein ambassade.
- Arbeidstakaren må be om tidleg arbeidsstart når han eller ho leverer søknaden om opphaldsløyve til politiet.
- Politiet kan då gi ei stadfesting på at arbeidstakaren kan jobbe for denne arbeidsgivaren/oppdragsgivaren fram til søknaden er behandla. Arbeidstakaren kan ikkje byte arbeidsgivar eller oppdragsgivar.
NB! Etter at politiet har sendt søknaden til UDI for handsaming, er det ikkje mogleg å få ei stadfesting på tidleg arbeidsstart.