Russisk grensependlar
Krav til arbeidstakar
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må vere russisk borgar.
- Du må ha vore bosett i Barentsregionen i minst eitt år og halde fram med å bo der. Barentsregionen vil seie Murmansk oblast, republikken Karelen, Arkhangelsk oblast eller Nenetsia autonome okrug.
Krav til arbeidsforhold
- Du må ha eit konkret tilbod om deltidsarbeid (maks 80 prosent stilling) i Nord-Noreg (Nordland, Troms og Finnmark).
- Du må vanlegvis arbeide for éin arbeidsgivar.
- Dersom du skal søkje sjølv frå utlandet, må arbeidsgivaren din sende inn stadfesting av arbeidstilbodet før du kan sende inn søknadsskjemaet. Du vil få ein kode frå arbeidsgivaren som du skal leggje inn i søknadsskjemaet.
- Arbeidsgivaren må få ein stadfesting frå NAV på at det ikkje er mogleg å finne nok arbeidarar frå Noreg eller EØS til å gjere jobben.
- Lønns- og arbeidsvilkåra kan ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg.
Rettar og plikter
- Du må søkje om nytt løyve hvis du skal byte stilling eller arbeidsgivar.
- Du kan få løyve for eitt år av gangen.
- Tiden du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med viss du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bo med deg i Noreg.