Nettsiden www.udi.no fungerer ikke i nettleseren Opera Mini, som du bruker nå. Du må bruke en annen nettleser, for eksempel Opera eller standardnettleseren på telefonen din.
Du må vere russisk borgar og ha vore busett i Barentsregionen i minst eitt år. Det vil seie Murmansk oblast, republikken Karelen, Arkhangelsk oblast eller Nenetsia autonome okrug.
Krav til arbeidsforhold
Du må ha eit konkret tilbod om arbeid i Nord-Noreg (Nordland, Troms og Finnmark).
Du må vanlegvis arbeide heiltid for éin arbeidsgivar.
Du må søkje om nytt løyve dersom du skal byte stilling eller arbeidsgivar.
Du kan få løyve for eitt år om gongen. Løyvet kan fornyast for eitt år til, men etter det må du ha budd utanfor Noreg i eitt år før du kan søkje om nytt løyve.
Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.