Arbeidsferie for unge vaksne frå Australia


Australske statsborgarar under 31 år kan få opphaldsløyve for å ta lengre feriar og arbeide i Noreg.

Krav til søkjaren

  • Du må betale eit søknadsgebyr.
  • Du må vere australsk statsborgar. Det held ikkje at du er fast busett i Australia.
  • Du må ha fylt 18 år, og kan ikkje ha fylt 31 år, når du søkjer.
  • Du må ha nok pengar til å klare deg dei tre første månadene i Noreg. Det kan vere pengar i banken og/eller eit konkret tilbod om lønt arbeid. Du må ha 

     13 790‬ kroner i månaden

    , altså 

    41 370 kroner for dei første tre månadene

  • Du kan ikkje jobbe meir enn seks månader for same arbeidsgivar medan du er i Noreg.
  • Du må ha god helse. Det vil seie at det ikkje er sannsynleg at du må leggjast inn på sjukehus medan du er i Noreg.
  • Du kan ikkje få denne typen løyve dersom du skal studere i meir enn tre månader. Da må du søkje om opphaldsløyve for studium

 Rettar og plikter 

  • Du kan jobbe mens du er i Noreg, men ikkje meir enn seks månader for same arbeidsgivar.
  • Du kan få løyve i eitt år om gongen, maksimalt to år til saman. Dersom du søkjer om fornying, kan du ha fylt 31 år. 
  • Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve. 
  • Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.