Arbeidsferie for unge vaksne frå Canada


Canadiske statsborgarar under 36 år kan få opphaldsløyve for å ta lengre feriar og arbeide i Noreg.

Krav til søkjaren

  • Du må betale eit søknadsgebyr.
  • Du må vere canadisk statsborgar. Det held ikkje at du er fast busett i Canada.
  • Du må vere busett i Canada. 
  • Du må ha fylt 18 år, og kan ikkje ha fylt 36 år, når du søkjer.
  • Du må skrive under på at du vil teikne medisinsk forsikring og full sjukehusforsikring før du reiser inn i Noreg.
  • Det du skal gjere i Noreg, må høyre inn under ein av desse kategoriane:
    • Arbeidspraksis: Du har høgare utdanning og ønskjer ytterlegare opplæring gjennom eit arbeidsforhold, i tillegg til at du gjerne vil auke kunnskapane dine om norsk språk, samfunn og kultur.
    • Studium: Du studerer i Canada og ønskjer å gjennomføre ein del av studia dine ved eit universitet eller ein høgskole i Noreg. Universitetet eller høgskolen må ha ein utvekslingsavtale med staden der du studerer i Canada.
    • Hospitering: Du skal hospitere i ei bedrift i Noreg som ein del av studia eller opplæringa di. Hospiteringa kan vere betalt eller ubetalt.
    • Feriejobb: Du studerer ved eit universitet eller ein høgskole i Canada, og ønskjer å arbeide i Noreg mens du har ferie frå studiestaden.
    • Turist: Du skal feriere i Noreg, men ønskjer også å jobbe i ferien. 
  • Du må ha nok pengar til å klare deg dei tre første månadene i Noreg. Det kan vere pengar i banken og/eller eit konkret tilbod om lønt arbeid. Du må ha

     13 790‬ kroner i månaden

    , altså 

    41 370 kroner for dei første tre månadene

    .

Rettar og plikter

  • Du kan jobbe mens du er i Noreg. Dersom du har fått løyvet på grunnlag av at du er turist, kan du berre jobbe seks månader for same arbeidsgivar.
  • Du kan søkje om løyve for inntil eitt år.
  • Det er berre løyve på under eitt år som kan fornyast.
  • Du kan søkje om eit nytt opphaldsløyve for arbeidsferie, sjølv om du har hatt eit slikt løyve tidlegare. Det er då eit krav at det du skal gjere i Noreg, fell inn under ein annan kategori enn det du gjorde førre gong du var i Noreg på arbeidsferie. Du ser dei ulike kategoriane høgare oppe på sida, under «Krav til søkjaren».
  • Du kan maksimalt få opphaldsløyve for arbeidsferie for to år til saman. Sjølv om du berre kan fornye løyve som har ei lengd på under eitt år, kan du søkje om eit nytt løyve på eit seinare tidspunkt – sjølv om du har hatt eit slikt løyve tidlegare.
  • Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve. 
  • Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.