Arbeidsferie for unge vaksne frå New Zealand
Newzealandske statsborgarar under 31 år kan få opphaldsløyve for å ta lengre feriar og arbeide i Noreg.
Krav til søkjaren
- Du må betale eit søknadsgebyr.
- Du må vere newzealandsk statsborgar. Det held ikkje at du er fast busett i New Zealand.
- Du må ha fylt 18 år, og kan ikkje ha fylt 31 år, når du søkjer.
- Du må ha nok pengar til å klare deg dei tre første månadene i Noreg. Det kan vere pengar i banken og/eller eit konkret tilbod om lønt arbeid. Du må ha
13 790 kroner i månaden
, altså41 370 kroner for dei første tre månadene
. - Du kan ikkje jobbe meir enn seks månader for same arbeidsgivar mens du er i Noreg.
- Du må skrive under på at du vil teikne medisinsk forsikring og full sjukehusforsikring før du reiser inn i Noreg.
- Du kan ikkje få denne typen løyve dersom du skal studere i meir enn tre månader. Da må du søkje om opphaldsløyve for studium.
Rettar og plikter
- Du kan jobbe mens du er i Noreg, men ikkje meir enn seks månader for same arbeidsgivar.
- Du kan få løyve for inntil eitt år til saman.
- Tida du har dette opphaldsløyvet tel ikkje med dersom du seinare skal søkje om permanent opphaldsløyve.
- Familiemedlemmene dine kan ikkje søkje om familieinnvandringsløyve for å bu saman med deg i Noreg.