Medisinsk evakuering (Medevac)


Oslo universitetssjukehus er nasjonal koordinator for medisinsk evakuering av pasientar frå Gaza og Ukraina som kjem til Noreg via EU si UCPM-ordning (Union Civil Protection Mechanism). UDI samarbeider mellom anna med sjukehus og asylmottak om dei medisinsk evakuerte pasientane.

Innkomst til Noreg

Når pasienten kjem til Noreg, er politiet ansvarleg for innkomstregistrering. UDI tildeler d-nummer og behandlar søknaden om beskyttelse. UDI sender brev til pasienten med svar på søknaden.

Pasienten blir innlagd på sjukehus /får innleiande behandling

Sjukehuset må ta kontakt med den regionale Medevac-kontakten sin i UDI med ein gong pasienten er lagd inn, for å avklare vidare oppfølging. UDI har etablert regionale Medevac-kontaktar over heile Noreg. UDI kan hjelpe til med kontaktinformasjon til den aktuelle regionale Medevac-kontakten, sjå e-post og telefonnummer under.

UDI har ansvar for å gi pasienten eit butilbod (asylmottak). UDI tildeler ein mellombels plass i eit asylmottak som er så nært behandlande sjukehus som mogleg.

I denne perioden kan sjukehuset ha dialog med den regionale Medevac-kontakten eller kontaktpersonen ved asylmottaket, viss det til dømes er behov for klespakke, eller for å melde andre behov. Det er asylmottaket som skal sikre at han evakuerte får utbetalt pengar og får klespakke ved behov. Asylmottaket skal også innkvartere og følgje opp familiemedlemmer til den evakuerte.

Før utskriving

Når pasienten skal skrivast ut frå sjukehuset, eller er ferdig med behandlinga ved det sjukehuset som fekk tildelt pasienten, vil UDI tildele pasienten med eventuell familie eit nytt asylmottak.

Det er viktig at utskriving og eventuell tilvising vidare til spesialist- og/eller kommunehelsetenesta skjer i dialog med UDI, etter at det er avklart i kva kommune pasienten blir tilboden mottaksplass. Medevac-kontakten i UDI og sjukehuset må derfor i god tid før utskriving snakke saman om kva oppfølgings- og tilretteleggingsbehov pasienten vil ha ved utskriving.

Hovudregelen er at den medisinske evakuerte med eventuell familie skal flyttast til ein annan kommune enn der innlegginga / behandlinga finn stad. Det er fleire grunnar til dette:

  • unngå å påføre ei urimeleg byrde på enkeltkommunane som er vertskap for behandlande sjukehus i Medevac-ordninga
  • sikre at helseføretak i heile landet blir teke i bruk for vidare behandling
  • mottakssystemet i UDI er ikkje tilrettelagde for å innkvartere alle dei medisinske evakuerte i nærleiken av behandlande sjukehus

Ulike typar asylmottak

Det finst ulike typar asylmottak. I dei fleste tilfelle vil evakuerte pasientar tilbydast plass i eit ordinært asylmottak, som er eit enkelt butilbod med selvhushald. 

Ved behov for tettare oppfølging, støtte til å meistre kvardagen eller behov for enkle omsorgstenester, vil det vere aktuelt å tilby plass i Tilrettelagt avdeling. Desse finst i dag i Oslo, Bergen, Ringsaker, Setermoen, Kristiansand, Trondheim, Modum og Etnedal.

Ved omfattande tilretteleggingsbehov i kvardagen, kan det vere aktuelt med Særskilt pleie- og omsorgsløysing. UDI har eit mindre antal plassar, og desse finst i Østre Toten, Gratangen, Salangen og Hurdal.

Mottakstilsette, inkludert tilsette ved Tilrettelagt avdeling og Særpleie, har ikkje heimel til å utføre helsetenester. Det er ansvaret til kommune- eller spesialisthelsetenesta ved behov.

Du finner kontaktinformasjon til asylmottakene her.

Kontaktinformasjon

For å komme i kontakt med UDIs leveranseteam Spesielle behov eller den regionale Medevac-kontakten din, kan du sende e-post til Spesiellebe_mottak@udi.no eller ringe 452 34 929.

Telefon og epost er betent i ordinær kontortid og ikkje i helgane.