Nettsiden www.udi.no fungerer ikke i nettleseren Opera Mini, som du bruker nå. Du må bruke en annen nettleser, for eksempel Opera eller standardnettleseren på telefonen din.
Etter at du har komme til Noreg og har fått opphaldskortet ditt, kan du reise ut og inn av Noreg så lenge opphaldsløyvet varar.
Du må ha med deg passet og opphaldskortet ditt når du skal reise.
Du kan besøkje andre Schengenland i opptil 90 dagar.
Du må bu i Noreg minst halvparten av tida du har opphaldsløyve. Dersom du har fått opphaldsløyve for eitt år, kan du ikkje opphalde deg i utlandet i meir enn seks månader til saman i løpet av dette året. Dersom du har fått opphaldsløyve for fleire år, kan du ikkje opphalde deg i utlandet i meir enn til saman 182 dagar i løpet av ein periode på 365 dagar. Dersom du gjer det kan du miste opphaldsløyvet ditt og måtte søkje om eit nytt opphaldsløyve.