Slik skaffar du opphaldskort viss du søkte før 16. april 2021


Kva er eit opphaldskort?

Eit opphaldskort er eit plastkort i kredittkortformat som viser at du har opphaldsløyve i Noreg.

Korleis skaffar du deg opphaldskort?

  • Du må bestille time hos politiet på førehand for å ordne med opphaldskortet.
  • Du kan bestille timen før du drar til Noreg.
  • Timen må enten vere ein av dei fyrste sju dagane du er i Noreg, eller den fyrste ledige timen du finn.
  • Du må møte opp hos politiet der du skal bu, til den timen du har bestilt.
  • Dersom du er under 18 år, må du møte hos politiet saman med foreldre/føresette. 

Bestilling av time på Min side

Viss du fylte ut og sendte søknaden din elektronisk, kan du no logge deg inn for å bestille timen (eksternt nettsted)

Bestilling av time på telefon

Viss du ikkje fylte ut elektronisk søknadsskjema da du søkte om opphaldsløyve, må du ringe ditt lokale politidistrikt for å bestille time. Du kan ikkje ringe UDI for å bestille time.

Kva skjer på timen hos politiet?

Politiet tar fingeravtrykka dine og fotograferer deg, og politiet bestiller opphaldskort til deg.

Kor lang tid tar det før du får kortet?

Det vil ta minst 20 arbeidsdagar frå du var hos politiet, til du får kortet sendt til deg i posten. Sjekk at du står registrert med rett postadresse og at du har namnet ditt på postkassen, ellers vil ikkje kortet komme fram til deg. Dersom kortet kjem vekk i posten vil det ta minst ti arbeidsdagar til, før du får det nye.

Dersom du planlegg å reise utanlands bør du derfor passe på at du har god tid mellom oppmøtet hos politiet og den planlagde avreisedatoen.