Har fått svar Har fått ja på søknad om studieløyve
-
Hva trenger jeg for innreise til Norge?
Når du skal reise inn til Norge
Hvis du ikke allerede er i Norge når du får svar på søknaden din, må du sjekke når du kan reise inn til Norge.
Først må du sjekke om du trenger et visum for å reise inn i Norge. Sjekk om du er blant dem som ikke trenger visum.
Du som ikke trenger visum
Du får beskjed om når du får lov til å reise inn til Norge fra ambassaden eller søknadssenteret der du leverte søknaden din. Du får også beskjed om når du senest må reise inn.
Hvis du har spørsmål, ta kontakt med ambassaden eller søknadssenteret der du leverte søknaden.
Du som trenger et visum
- Visumet du skal ha kalles et innreisevisum.
- UDI vil gi ambassaden som har ansvar for saken din beskjed om at de skal gi deg dette visumet, du trenger ikke å søke om det.
- Søknadssenteret der du leverte søknaden eller ambassaden vil ta kontakt med deg for å avtale når du kan komme og hente visumet. Det vil ta opptil en uke før de tar kontakt med deg. Du vil hente visumet ditt samme sted som du leverte søknaden.
- Visumet er vanligvis gyldig i 30 dager, og viser når du kan reise inn i Norge.
-
Slik skaffar du opphaldskort viss du søkte før 16. april 2021
Kva er eit opphaldskort?
Eit opphaldskort er eit plastkort i kredittkortformat som viser at du har opphaldsløyve i Noreg.
Korleis skaffar eg meg opphaldskort?
- Du må bestille time hos politiet på førehand for å ordne med opphaldskortet.
- Du kan bestille timen før du drar til Noreg.
- Timen må enten vere ein av dei fyrste sju dagane du er i Noreg, eller den fyrste ledige timen du finn.
- Du må møte opp hos politiet der du skal bu, til den timen du har bestilt.
- Dersom du er under 18 år, må du møte hos politiet saman med foreldre/føresette.
Bestilling av time på Min side
Viss du fylte ut og sendte søknaden din elektronisk, kan du no logge deg inn for å bestille timen (eksternt nettsted).
Bestilling av time på telefon
Viss du ikkje fylte ut elektronisk søknadsskjema da du søkte om opphaldsløyve, må du ringe ditt lokale politidistrikt for å bestille time. Du kan ikkje ringe UDI for å bestille time.
Kva skjer på timen hos politiet?
Politiet tar fingeravtrykka dine og fotograferer deg, og politiet bestiller opphaldskort til deg.
Kor lang tid tar det før eg får kortet?
Det vil ta minst 20 arbeidsdagar frå du var hos politiet, til du får kortet sendt til deg i posten. Sjekk at du står registrert med rett postadresse og at du har namnet ditt på postkassen, ellers vil ikkje kortet komme fram til deg. Dersom kortet kjem vekk i posten vil det ta minst ti arbeidsdagar til, før du får det nye.
Dersom du planlegg å reise utanlands bør du derfor passe på at du har god tid mellom oppmøtet hos politiet og den planlagde avreisedatoen.
-
Slik skaffar du opphaldskort viss du søkte 16. april 2021 eller seinare
Kva er eit opphaldskort?
Eit opphaldskort er eit plastkort i kredittkortformat som er beviset ditt på at du har opphaldsløyve i Noreg. Det er politiet som bestiller opphaldskort til deg.
Når du har levert søknad frå Noreg, kan det vere at du kan få opphaldskortet ditt utan å møte opp hos politiet på nytt. Viss det gjeld deg, sender politiet opphaldskortet til deg i posten. Det betyr at du ikkje treng å bestille time. Les under kven som må bestille time.
Kva må du passe på for å motta kortet i posten?
- Er du ny postmottakar i Noreg, fyll ut denne blanketten (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu), og lever han på eit postkontor eller Post i Butikk. Hugs å ta med legitimasjon.
- Sjekk at du står registrert med korrekt postadresse (eksternt nettsted) hos Posten, dersom du allereie er registrert som postmottakar. Sida krev innlogging med BankID eller MinID.
- Kontroller at du har namnet ditt på postkassa, viss ikkje vil ikkje kortet komme fram til deg. Viss kortet kjem bort i posten, vil det ta minst 20 arbeidsdagar til før du kan få eit nytt.
- Du bør ikkje bestille reiser til utlandet før du har fått det nye opphaldskortet.
Kven må bestille time for å få opphaldskort?
- Du som har søkt frå utlandet.
- Du som har eit norsk utlendingspass eller reisebevis for flyktningar som er utgått på dato, og som du ikkje allereie har gitt til politiet.
- Viss søknaden din blei levert av ein annan person med fullmakt, så må du sjølv bestille time hos politiet for å få opphaldskort.
- Viss du har søkt opphald etter brexit-regelverket, får du beskjed om å bestille time etter at søknaden din er ferdig behandla.
- Viss du har søkt om vern for første gang hos politiet, vil politiet innkalle deg til time. Du treng ikkje å bestille time sjølv.
Hos politiet må du ta bilde og gi fingeravtrykk.
Korleis bestille time?
Bestilling av time elektronisk
Viss du fylte ut og sendte søknaden din elektronisk, kan du nå logge deg inn for å bestille timen.
Bestilling av time på telefon
Viss du ikkje fylte ut elektronisk søknadsskjema da du søkte om opphaldsløyve, må du i staden ringe det lokale politidistriktet ditt for å bestille time. Du kan ikkje ringe UDI for å bestille time.
-
Må eg teste meg for tuberkulose?
Nokre personar må teste seg for tuberkulose når dei kjem til Noreg.
Du må teste deg viss
- du kjem frå eit land med høg førekomst av tuberkulose. Det vil seie at landet du kjem frå står i tabellen på Folkehelseinstituttets side (eksternt nettsted), og
- du skal vere i Noreg i meir enn tre månader.
Kva skal du gjere for å teste deg?
Du må ta kontakt med kommunen du skal bu i viss du har plikt til å teste deg for tuberkulose. Det er kommunen som utfører testinga. Du skal teste deg så snart som mogleg etter at du har komme til Noreg.
-
Korleis får eg registrert adressa mi i Noreg, får fødselsnummer eller d-nummer og skattekort?
Når du møter opp hos politiet for å bestilla opphaldskort, gir vi beskjed om at du er innvilga eit opphaldsløyve til skatteetaten. Skatteetaten avgjer om du skal få eit d-nummer eller fødselsnummer.
Omtrent to veker etter at du har vore hos politiet får du eit brev frå Skatteetaten med fødselsnummeret eller d-nummeret ditt.
Dersom du har fått ny adresse i Noreg etter at du leverte søknaden din, må du gi beskjed om kva den nye adressa di er når du møter hos politiet, slik at du blir registrert på riktig adresse i det norske folkeregisteret.
Dersom du har spørsmål om skattekort fordi du skal arbeide i Noreg, finn du informasjon på Skatteetatens nettsider om korleis utanlandske statsborgarar søkjer om skattekort (eksternt nettsted).
Dersom du har fått eit d-nummer når du skulle ha fått eit fødselsnummer, må du kontakta folkeregisteret (eksternt nettsted).
Registrere adresse
- Er du ny postmottakar i Noreg, fyll ut denne blanketten (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu) og lever den på eit postkontor eller Post i Butikk. Hugs å ta med legitimasjon.
- Sjekk at du står registrert med korrekt postadresse hos Posten (eksternt nettsted), dersom du allereie er registrert som postmottakar. Sidan krev innlogging med BankID eller MinID.
- Kontroller at du har namnet ditt på postkassa.
Viss du har fått ny adresse i Noreg etter at du leverte søknaden din, må du gi beskjed om kva den nye adressa din er når du er hos politiet, slik at du blir registrert på rett adresse i det norske folkeregisteret.
Fødselsnummer/d-nummer
Når du møter opp hos politiet for å bestille opphaldskort, gir vi beskjed om at du er innvilga eit opphaldsløyve til Skatteetaten. Skatteetaten avgjer om du skal få eit d-nummer eller fødselsnummer.
Omtrent to veker etter at du har vore hos politiet får du eit brev frå Skatteetaten med fødselsnummeret eller d-nummeret ditt
Viss du har fått eit d-nummer når du skulle ha fått eit fødselsnummer, må du kontakte Folkeregisteret (eksternt nettsted).
Skattekort
Viss du har spørsmål om skattekort fordi du skal arbeide i Noreg, finn du informasjon på Skatteetatens nettsider om korleis utanlandske statsborgarar søkjer om skattekort (eksternt nettsted).
-
Kan familien min komme til Noreg?
Viss du har fått ein av desse typane løyve, kan ektefellen din, sambuar og barn: søkje om eit familieinnvandringsløyve:
- studieløyve for å studere ved ein høgskule eller eit universitet,
- opphaldsløyve for norskopplæring for faglærte
- opphaldsløyve for tilleggsutdanning
Viss du har ein annan studieløyve kan familien din ikkje søkje om familieinnvandringsløyve.
-
Hva slags helsehjelp har jeg krav på?
Du har krav på ulike typar helsehjelp alt etter (eksternt nettsted) kva for situasjon du er i.
-
Kan eg arbeide?
- Viss du får eit studieløyve, får du automatisk også løyve til å arbeide 20 timar per veke, inkludert fjernarbeid, ved sida av studiane og heiltid i feriane.
- Du kan søkje om eit løyve til å arbeide heiltid i løpet av studieåret, viss arbeidet er ein del av utdanningsplanen din. Då må du be om dette skriftleg når du søkjer eller seinare.
- Du kan ikkje vere sjølvstendig næringsdrivande eller ha eit enkeltpersonsforetak i Noreg.
-
Kan eg reise til andre land medan eg er i Noreg?
Du kan reise ut og inn av Noreg så lenge løyvet varer, men du må bu i Noreg minst seks månader til saman i løpet av eit år.
-
Korleis fornyar eg løyvet mitt?
I vedtaket ditt står det kor lenge løyvet ditt gjeld og om han kan fornyast. Viss du ønskjer å halde fram med å bu i Noreg, må du hugse å fornye eller søke om ny tillatelse 2-3 måneder før den går ut. Viss ikkje, kan du få problem med å reise ut og inn av Noreg, og missa høvet til å jobbe i Noreg medan du ventar på nytt løyve.
-
Kan eg miste opphaldsløyvet mitt?
I nokre tilfelle kan du miste opphaldsløyvet ditt.
Å miste en oppholdstillatelse betyr at UDI bestemmer at oppholdstillatelsen ikke skal gjelde lengre. Det kan bety at du enten ikke får bo i Norge lenger, eller at du får en ny oppholdstillatelse og oppholdet i Norge begynner å telle på nytt.
Det kan vere ulike grunnar til at du mistar opphaldsløyvet ditt, for eksempel viss du:
- ikkje studerer
- bor utanfor Noreg meir enn seks månader til saman i løpet av eit år
- jobbar meir enn det du har lov til
Her finn du meir informasjon om tilbakekall av eit opphaldsløyve..