Du finner informasjon om dette på Skal søke om Besøk og ferie-sidene.
Vi har mange saker til behandling no, og det påverkar dessverre ventetidene våre. Dette fører òg til at fleire ringar veiledningstjenesten til UDI. Viss du ikkje har høyrt noko om saka di så er den ikkje ferdig behandla endå.
Ventetida gjeld frå den dagen saka er registrert hos ambassaden. Viss søknaden din blir behandla av ein ambassade i eit anna land, vil det ta nokre dagar ekstra, fordi søknaden din skal sendast med bod til og frå ambassaden. Nokre stadar kan det ta opptil to veker frå saka blir send frå VFs søknadssenter til ambassaden mottar han. Du finn informasjon på nettsidene til ambassaden om kor lang tid dette tek.
Dersom søknaden din blir behandla av ambassaden i landet du bur i, får du vanlegvis svar innan 15 dagar etter at du leverte søknaden på VFS søknadssenteret, konsulatet eller ambassaden.
Dersom søknaden din blir behandla av ein ambassade i eit anna land, vil det ta nokre dagar ekstra, fordi søknaden din skal sendast med bud til og frå ambassaden.
Dei aller fleste søknadene blir behandla av ambassaden, men dersom ambassaden er i tvil om du kan få visum, sender dei søknaden din til UDI.
Vi kan ikkje svare på om saka vil bli sendt til UDI, det er det ambassaden som bestemmer. Viss saka di blir send til UDI får du beskjed om det på e-post eller sms. Sendast saka til oss for behandling kan vi dessverre ikkje garantere at ho blir behandla innan 45 dagar, fordi vi har mange saker i kø.
Du vil vanlegvis få svar på klaga innan 12 månader etter at du leverte søknaden om besøksvisum på søknadssenteret, ambassaden eller konsulatet.
I samband med koronasituasjonen og opninga av grensene har UDI fått fleire oppgåver som må prioriterast. Ventetida kan derfor endre seg og bli lengre medan klaga di er til behandling. Her kan du lese kva som kan gjere at ventetida forandrar seg og korleis du kan halde deg oppdatert.
Denne informasjonen vart sist oppdatert
21. mars 2023
og blir oppdatert neste gong
22. april
.
Mange ønskjer å få saka si raskt behandla. Men det skal heilt spesielle forhold til for at saka di kan komme først i køen.
Søknadsgebyret kan berre bli tilbakebetalt til deg viss du ikkje har møtt opp og levert søknaden enda. Viss du har sendT ein type søknad der du berre treng å laste opp søknadsdokumenta elektronisk, og du altså ikkje har krav om å møte personleg, kan du ikkje få tilbakebetalt gebyret etter at du har lasta opp dokumenta.
Viss du ynskjer å få tilbakebetalt eit søknadsgebyr, må du kontakte politidistriktet eller ambassaden som er ansvarleg for søknaden din. UDI kan ikkje hjelpe deg med tilbakebetaling.
Viss du allereie har levert søknaden ved personleg oppmøte og ynskjer å trekkje søknaden din, sjølv om gebyret ikkje blir tilbakebetalt, må du sende oss skriftleg beskjed om dette. Du kan skrive eit kort brev der du forklarer at du ynskjer å trekkje søknaden din. Brevet må vere signert av deg som er søkjaren. Du må sende inn brevet elektronisk. Når vi mottar informasjonen om at du vil trekkje søknaden, henlegg UDI saka di og sender deg ei skriftleg stadfesting på henleggelsen.
Vi kan som hovudregel berre henlegge ei sak viss det er søkjaren sjølv som skriftleg trekkjer søknaden. Det å henlegge betyr at vi avsluttar saka utan å behandle ho.
Viss du er referanseperson, sponsor eller vertsforelder og ynskjer å trekkje samtykkjet ditt til at søkjaren får opphald med deg i Noreg, må du sende UDI skriftleg beskjed om dette. Du kan skrive eit kort brev der du forklarer at du ynskjer å trekkje samtykkjet til at søkjaren får opphald med deg. Du må sende brevet elektronisk. Viss du trekkjer samtykkjet, vil det stå i vedtaket (avslaget) søkjaren får.
Vi kan ikkje henlegge ei sak fordi referansepersonen/sponsoren/vertsforelderen ynskjer det. Viss desse personane ynskjer å trekkje søknaden, så må vi likevel behandle saka, men den vil bli avslått fordi samtykkjet er trekt.
Viss ein person med fullmakt ynskjer å trekkje søknaden på grunn av samlivsbrot, må vi framleis behandle søknaden, men det vil bli eit avslag. Fullmakta fell bort når vi får opplysningar om samlivsbrotet.
Søknadsgebyret blir ikkje tilbakebetalt når referansepersonen/sponsoren/vertsforelderen trekkjer samtykkjet, fordi søknaden blir tatt til behandling.