Ikkje alt innhaldet på denne sida finst på nynorsk.
Du må fylle ut og levere et eget søknadsskjema der du søker om å få innreiseforbudet ditt opphevet samtidig som du søker om besøksvisum eller oppholdstillatelse.
Søknadene blir behandlet i ulike avdelinger i UDI.
Hvis du har ny dokumentasion til søknaden din, kan du ettersende den til UDI.
Innan 10 månader etter at politiet eller UDI har oppretta ei utvisingssak og sendt eit førehandsvarsel, vil dei aller fleste få eit vedtak.
EU-/EØS-borgarar
Innan 6 månader etter at UDI har fått søknaden, vil dei aller fleste ha fått svar.
Borgarar av land utanfor EU/EØS
Innan 8 månader etter at UDI har fått søknaden, vil dei aller fleste ha fått svar.
Dersom du også har søkt om opphaldsløyve, må du leggje til ventetida for svar på søknaden om oppheving av innreiseforbodet til kor lang tid det totalt tek før du får svar på søknaden din om opphaldsløyve.
Borgarar av land utanfor EU/EØS som etter ha fått eit innreiseforbod til Noreg har blitt omfatta av EØS-regelverket
Dersom du har levert inn alle nødvendige dokument, og UDI meiner at det er heilt klart at innreiseforbodet ditt skal bli oppheva, vil vi behandle søknaden innan 15 dagar.
Dersom UDI har bedt deg om å sende inn fleire dokument eller annan informasjon, eller UDI må gjere fleire undersøkingar, vil saka di ta litt lengre tid å behandle. Når vi har fått dokumenta frå deg, vil vi begynne å behandle saka di igjen.
3 månader etter at UDI eller politiet har fått klagen din, vil vi anten gjere om vedtaket eller sende saka di til Utlendingsnemnda (UNE) for klagebehandling.
Du finn informasjon på UNE sine nettsider om kor lang tid det vil ta frå UNE får klagen din, til du får eit svar på klagen (ekstern nettstad)
Denne informasjonen vart sist oppdatert
21. mars 2023
og blir oppdatert neste gong
22. april
.
Du må melde flytting til folkeregisteret (ekstern nettstad) så raskt som mogeleg når du veit at du skal flytte. UDI får den nye adressa di frå folkeregisteret automatisk.
Dersom du er i Noreg og flyttar mens du ventar på at UDI skal behandle saken din, må du melde frå til politiet om at du flyttar seinast ei veke etter at du flytta. Du kan gi beskjed til politiet der du flyttar til, eller til politiet der du budde før.
Dersom du er i utlandet og flyttar før UDI har behandla søknaden din, må du melde frå til ambassaden eller konsulatet der du leverte søknaden din. Dersom du ikkje gjer det, risikerer du at du ikkje får svaret på søknaden din.