D-nummer


Eit d-nummer er eit mellombels ID-nummer som du får viss du har søkt om vern (asyl) i Noreg, eller har eit opphaldsløyve og skal vere her i mindre enn seks månader.

Kva bruker du D-nummeret til? 

Du treng D-nummer blant anna for å åpne ein bankkonto, leigbustad og betale skatt. 

Når får du d-nummer?

Når du får d-nummer kjem an på situasjonen din.

  • Dersom du har fått eit opphaldsløyve i Noreg, får du d-nummeret ditt i eit brev frå Skatteetaten omtrent to veker etter at du møter hos politiet for å bestille opphaldskort.
  • Dersom du er asylsøkar, får du eit d-nummer når du kjem til Noreg. Du får det av UDI eller politiet (Politiets Utlendingsenhet) når du registrerer deg.
  • Dersom du er statsborgar i eit EU/EØS-land, sjå informasjon om å flytta til Noreg hos Skatteetaten (ekstern nettstad).

Skal du vere i Noreg i meir enn seks månader? 

Da kan du søke om eit fødselsnummer og bruke det i staden for D-nummeret ditt

Dersom du har fått eit d-nummer når du skulle ha fått eit fødselsnummer, må du kontakta folkeregisteret (ekstern nettstad).

Er DUF-nummer det same som D-nummer? 

Eit DUF-nummer er ikkje det same som D-nummer. DUF-nummeret er registreringsnummeret ditt i UDI. 

 

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?