DUF-nummeret er registreringsnummeret ditt i UDI sitt datasystem.
Alle som søker om vern eller opphald i Noreg får eit DUF-nummer. Du beheld same DUF-nummer dersom du søker igjen.
Nummeret har tolv siffer, og byrjar med årstalet du søkte for fyrste gong (for eksempel 2012 586975 61).
DUF-nummeret ditt finn du på sakspapir frå UDI. Viss du har opphaldskort eller asylsøkjarbevis, finn du også DUF-nummeret der.
Etter at du har fått opphaldsløyve i Noreg, vil du få eit D-nummer eller eit fødselsnummer.
Statsborgarar av EU/EØS-land må sjølv kontakte Skatteetaten (ekstern nettstad) for å få tildelt eit D-nummer eller fødselsnummer.