Faglært arbeidstakar med arbeidsgivar i Noreg

Krav til arbeidstakaren

Krav til utdanninga/kompetansen din

Du må ha éin av desse typane utdanning/kompetanse:

  • Du må ha fullført fagutdanning frå vidaregåande skole, minst tre år, for eksempel som snikkar eller helsefagarbeidar. Det må finnast ei tilsvarande fagutdanning i Noreg.
  • Du må ha fullført utdanning eller grad frå universitet/høgskole, for eksempel bachelorgrad som ingeniør eller sjukepleiar.
  • Du må ha spesielle kvalifikasjonar som du har opparbeidd deg gjennom lang yrkeserfaring, eventuelt i kombinasjon med kurs og liknande. Det skal svært mykje til å få løyve i slike saker. Du må ha like høg kompetanse som ein som har fagutdanning.

Krav til arbeidsforholdet

Spesielle krav

Rettar og plikter

  • Varigheta på opphaldsløyvet du kan få er avhengig av stillinga du har fått tilbod om:
    • Dersom stillinga krev fullført fagutdanning frå vidaregåande skule, kan du få opphaldsløyve for inntil eitt år av gongen.
    • Dersom stillinga krev fullført utdanning eller grad frå universitet eller høgskule, kan du vanlegvis få opphaldsløyve for inntil tre år av gongen. Dersom vi treng å sjekke oftare at du framleis fyller krava, til dømes fordi du skal arbeide i ein bemanningsbedrift, vil du berre få opphaldsløyve for inntil eitt år av gongen.
  • Etter tre år kan du søkje om permanent opphaldsløyve i Noreg.
  • Familien din kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.
  • Dersom du seinare skal byte arbeidsgivar, men skal jobbe i same type stilling, treng du ikkje søkje om nytt opphaldsløyve.
  • Dersom du seinare skal begynne i ein ny type stilling, må du søkje om nytt opphaldsløyve, uansett om det er hos same arbeidsgivar eller hos ein ny arbeidsgivar. Du kan ikkje starte i ny type stilling før du har fått nytt opphaldsløyve.

På grunn av korona-situasjonen har reglane for permisjon, arbeidsløyse og stillingsendring endra seg.

For dei som er permitterte eller har mista jobben, kan du lesa om dei her.