Introduksjonsstønad blir ikkje lenger rekna som inntekt ved søknad om familieinnvandring


For å få innvilga familieinnvandring, må personen som bur i Noreg (referansepersonen) som hovudregel ha inntekt. Frå og med 1. oktober 2021 kan ikkje UDI lenger rekne introduksjonsstønad som inntekt når vi vurderer om inntektskravet er oppfylt.

Publisert: 01.10.2021

Frå 1. oktober 2021 er det ei endring i kva vi kan rekne som inntekt når vi vurderer om inntektskravet er oppfylt i søknader om familieinnvandring. Endringa er at introduksjonsstønad ikkje lenger blir rekna med som framtidig inntekt for søknader levert 1. oktober 2021 eller seinare. Søknaden er ikkje levert før du har møtt til avtalen hos politiet/ambassaden/VFS søknadssenteret for å levere inn dokumenta på sjekklista. Viss du har timeavtale for å levere dokumenta 1. oktober eller seinare, vil denne endringa gjelde deg. 

Viss du søkjer om familieinnvandring med ein flyktning, kan du få unntak frå inntektskravet viss du søkjer innan bestemte fristar.

Desse typane inntekt reknar vi med i den framtidige inntekta til referansepersonen:

  • arbeidsinntekt
  • sjukepengar, svangerskapspengar, foreldrepengar, uføretrygd eller alderspensjon frå Folketrygden
  • andre varige pensjonar eller faste periodiske ytingar (forsikringsutbetalingar eller liknande)
  • lån eller stipend du får i samband med utdanning
  • viss søkjaren allereie er i lovleg arbeid i Noreg, kan inntekta til søkjaren blir rekna med for å fylle kravet

Referansepersonen kan ha ein eller fleire av inntektstypane i lista over

Desse typane inntekt reknar vi ikkje med i den framtidige inntekta til referansepersonen:

  • økonomisk sosialhjelp
  • bustønad
  • dagpengar og arbeidsavklaringspengar (dette gjeld òg viss du har vorte permittert på grunn av koronasituasjonen. Vi legg ut informasjon her viss reglane om dette endrar seg)
  • stønader du får fordi du har barn
  • introduksjonsstønad etter integreringslova
  • eingongsstønad ved fødsel
  • eigne midlar (pengar på konto)

Kva betyr det for måten UDI bereknar den tidlegare inntekta til referansepersonen? 

Endringa får òg tyding for tidlegare inntekt viss referansepersonen har mottatt introduksjonsstønad etter 1. oktober 2021. Vi reknar ikkje med introduksjonsstønad mottatt frå 1. oktober 2021 og seinare når vi skal vurdere om kravet til tidlegare inntekt er oppfylt.

Inntektsbeløpet er det same som før. Her kan du sjå krava til inntekt i familieinnvandringssaker. Vi reknar ikkje med introduksjonsstønad for oktober, november og desember 2021 eller seinare når vi vurderer inntektsbeløpet.

Eksempel:

Du har ei sak som ventar i kø hos UDI, og som ikkje blir behandla før i 2022. Når UDI vurderer saka, vil vi sjå på inntekta i 2021 som tidlegare inntekt. Viss referansepersonen mottok introduksjonsstønad i oktober, november, desember 2021 eller seinare, vil brutto introduksjonsstønad bli trekt frå inntekta. Det vil seie at beløpet på introduksjonsstønaden før skatt ikkje blir rekna med som inntekt. Referansepersonen må oppfylle inntektskravet i heile perioden fram til vi fattar vedtak i saka.

Kva gjer eg viss regelendringa medfører at referansepersonen ikkje har nok inntekt? 

For søknader som allereie er leverte hos politiet/ambassaden/VFs søknadssenteret før 1. oktober 2021, er reglane for framtidig inntekt uendra. Introduksjonsstønad vil då bli rekna som framtidig inntekt. Det gjeld sjølv om UDI vurderer søknaden etter 1. oktober 2021.

Kravet til tidlegare inntekt vil derimot bli påverka dersom referansepersonen mottar introduksjonsstønad etter 1. oktober 2021, sjølv om søknaden blei levert før. Introduksjonsstønaden referansepersonen har mottatt etter 1. oktober 2021 vil då bli trekt frå skattepliktig inntekt.

Viss referansepersonen ikkje har nok inntekt når introduksjonsstønad blir trekt frå, anbefaler vi at dykk ventar med å søkje familieinnvandring til inntektskravet er oppfylt.

Viss søknaden din allereie er registrert i Søknadsportalen og du har betalt gebyr, men du ikkje har levert dokumenta på sjekklista enda, kan du be om å trekkje søknaden og få gebyret tilbakebetalt. Det gjer du ved å kontakte den ambassaden eller det politidistriktet du sende søknaden til elektronisk.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?