Søkjarar frå Eritrea får fleire stader dei kan møte opp for å levere ein søknad


Viss du er eritreisk statsborgar, kan du frå og med 8. juli 2019 levere søknaden din i fleire ulike land i regionen rundt Eritrea. Den norske ambassaden i Nairobi vil ha ansvaret for søknadene frå desse landa.

Publisert: 07.01.2019 - Sist endra: 31.08.2019

Stader du kan levera søknaden

Søknader om opphaldsløyve (til dømes familieinnvandring)

Du kan velje mellom å levera søknaden din på desse stadene:

Søknader om besøksvisum

Du kan velje mellom å levera søknaden din på desse stadene:

Utfylling av søknadsskjema og bestilling av time 

Viss du ønsker å møte på søknadssenteret i Nairobi, Addis Abeba, Kampala eller Dar Es Salaam, vel du ambassaden i Nairobi når du fyller ut søknadsskjemaet i Søknadsportalen.

I Addis Abeba og Dar Es Salaam treng du ikkje bestille time på førehand. Du finn opningstidene på nettsidene til søknadssenteret.

I Nairobi og Kampala må du bestille time på førehand. Du bestiller timen på nettsidene til søknadssenteret.

Kan saka di komme i køen?

Søknaden din kan ikkje gå føre i køen sjølv om situasjonen i Sudan kan vera vanskeleg. Du kan undersøka om søknaden din kan gå føre i køen i informasjonen vår om prioritering av saker.

Viss du allereie har fylt ut søknaden, kan du også velje kor du vil møte opp

Viss du allereie har fylt ut søknadsskjemaet og valde at du skulle levere søknaden din i Khartoum, kan du likevel møte i Nairobi, Addis Abeba, Kampala eller Dar Es Salaam viss du ønsker det. Du treng ikkje fylle ut eit nytt søknadsskjema.

Hugs å ta med følgjebrevet som du fekk tilsendt på e-post då du fylte ut søknadsskjemaet.

Viss du har fått svar på søknaden din, vil ambassaden ta kontakt med deg

Viss du har levert søknaden din i Khartoum og den har blitt innvilga, vil ambassaden i Khartoum ta kontakt med deg for å avtale tid for når du kan hente visumet ditt.

Viss du allereie har levert søknaden i Addis Abeba vil vi behandle søknaden din

Før 8. juli skulle søkjarar frå Eritrea levere søknaden sin i Khartoum. Nokon leverte likevel søknaden sin i Addis Abeba. Nokon har fått avslag på søknaden sin fordi dei leverte han på feil stad.

Viss du fekk avslag på søknaden din fordi du leverte han på feil stad, og har klaga på dette avslaget, vil vi behandle saka di på nytt.

Viss du ikkje har fått svar på søknaden din enno, vil vi behandle søknaden din som normalt. Vi vil ikkje avslå han berre fordi du leverte han på feil stad.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?