Søkjarar frå Eritrea skal levere søknaden sin i Khartoum


Published: 07.01.2019

Khartoum er den rette staden å levere søknaden  

Du må søkje om opphaldsløyve i Noreg frå det landet vi har bestemt at er rett for deg å søkje frå. Vanlegvis er det landet du bur i, men sidan Noreg ikkje har nokre stader å søke frå i Eritrea, må du søkje frå eit anna land. 

For eritreiske statsborgarar har den norske regjeringa bestemt at den rette staden er Khartoum. Derfor må du levere søknaden din der. 

Dersom du likevel søkjer frå Addis Abeba 

Dersom du likevel vel å søkje frå Addis Abeba, må du rekne med at du får nei på søknaden din om å få opphaldsløyve i Noreg. Du får ikkje tilbake pengane du har betalt i gebyr. 

VFS i Addis Abeba er forplikta til å ta imot søknaden din, men det er altså svært sannsynleg at du vil få avslag frå UDI i Noreg fordi du ikkje leverer søknaden din på den formelt riktige staden. 

Dersom du får nei på søknaden din fordi du leverte den på feil stad, kallar vi det eit formelt avslag. Det betyr at vi har avslått søknaden din fordi du har levert den på feil stad, og då ser vi ikkje på om du oppfyller dei andre krava for å få søknaden din innvilga. 

Nokre kan levere søknaden sin i Addis Abeba 

Dersom du har vore registrert som flyktning av FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR) i Etiopia i minst 6 månader, kan du levere søknaden din i Addis Abeba. 

Barn som søkjer frå Addis Abeba utan foreldra sine  

Dersom eit barn er i Etiopia utan foreldra sine og leverer ein søknad i Addis Abeba, vil UDI vurdere om vi kan godta det, sjølv om barnet ikkje har vore registrert som flyktning av FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR) i Etiopia i minst 6 månader.  

Det er først når søknaden kjem til UDI at vi bestemmer om vi godtek at søknaden er levert i Addis Abeba. Derfor vil de ikkje få beskjed når de leverer søknaden om vi godtek at barnet har søkt frå Addis Abeba eller ikkje.  

Når vi vurderer om vi godtek at eit barn har søkt frå Addis Abeba, ser vi blant anna på om det er forsvarleg å sende barnet til Khartoum for å levere søknaden der.  

UDI tek ikkje gebyr for å søkje om familieinnvandring for barn. Søknadssenteret tek eit lite servicegebyr. 

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?