AMMR-samarbeidet


AMMR avgjer kva land som har ansvaret for å behandle ein søknad om beskyttelse. Ein asylsøkjar kan berre få søknaden sin behandla i eitt av AMMR-landa.

Dersom asylsøkjaren søkjer om beskyttelse i eit anna AMMR-land, skal han eller ho bli send tilbake til det landet som allereie har behandla søknaden, eller som skal ha ansvar for å behandle søknaden.

Kva er AMMR?

AMMR (forordningen om asyl-og migrasjonshåndtering) er eit samarbeid mellom EU-landa, Island, Sveits, Liechtenstein og Noreg. Kvar asylsøkjar får søknaden sin behandla i berre eitt av AMMR-landa. Vi kallar landa som er med i samarbeidet for AMMR-land

AMMR gjeld frå 12.juni 2026 og erstattar Dublin III-forordninga. AMMR vidarefører reglane for å avgjere kven som har ansvaret for å handtere ein asylsøknad.

Kva for søkjarar blir behandla etter AMMR?

Søknaden blir behandla som ei AMMR-sak dersom søkjaren som ønskjer beskyttelse i Noreg

  • allereie har søkt beskyttelse i eit anna AMMR-land, eller
  • har fått visum eller opphaldsløyve i eit anna AMMR-land, eller
  • har vitnemål eller andre kvalifikasjonar frå ein utdanningsinstitusjon i eit anna AMMR-land, eller
  • har nære familiemedlemmer i eit anna AMMR-land, eller
  • har reist ulovleg inn i eit anna AMMR-land

Korleis blir AMMR-saker behandla?

Dersom nokon søkjer om beskyttelse i Noreg og saka blir behandla som ei AMMR-sak, vil UDI ikkje vurdere om den som søkjer treng beskyttelse. Vi vil berre vurdere om det er Noreg eller eit anna AMMR-land som har ansvar for søknaden.

Dersom det er eit anna AMMR-land som har ansvaret for asylsøkjaren, vil søkjaren bli send til dette landet.

Einslege mindreårige asylsøkjarar vil bli sende til eit anna AMMR-land dersom dei har familie der. Dersom dei ikkje har familie i andre medlemsstatar, er den første medlemsstaten der søknaden deira vart registrert ansvarleg. Dei andre ansvarsreglane gjelder ikkje for einslege mindreårige asylsøkjarar.

Fleire søknader frå einslege mindreårige blir behandla etter AMMR-reglane enn etter den tidlegare Dublin-forordningen.

Dersom det er Noreg som har ansvaret for søkjaren, vil UDI behandle søknaden som ein vanleg søknad om beskyttelse.

Fant du det du lette etter?